Trygve Bratteli si første regjering vart utnemnd 17. mars 1971 og sat til 18. oktober 1972.

Regjeringa kom til fordi regjeringa Borten gjekk i oppløysing på grunn av usemje om EF-spørsmålet.

Den gjekk av fordi Trygve Bratteli i ein tale på Gjøvik sa at han ville gå av viss det ikkje vart ja-fleirtal i folkerøystinga om norsk medlemskap i EF 25. september 1972. Ein kan seie at han stilte kabinettspørsmål til folket. Då det vart nei-fleirtal, gjekk regjeringa av, og ei regjering frå nei-partia Senterpartiet, Venstre og Kristeleg folkeparti vart skipa under leiing av Lars Korvald, Kristeleg folkeparti: Regjeringa Korvald.

Trygve Bratteli si første regjering var ei regjering med statsrådar berre frå Arbeidarpartiet. Medlemmer i regjeringa var:

Statsminister: Trygve Bratteli 17. mars 1971–18. oktober 1972 Utanriksminister: Andreas Cappelen 17. mars 1971–18. oktober 1972

Statsråd i:

Justis- og politidepartementet: Oddvar Berrefjord 17. mars 1971–18. oktober 1972

Finans- og tolldepartementet: Ragnar Christiansen 17. mars 1971–18. oktober 1972

Handels- og skipsfartsdepartementet: Per Kleppe 17. mars 1971–18. oktober 1972

Industridepartementet: Finn Lied 17. mars 1971–18. oktober 1972 (permittert 24. september–4. november 1971) Per Kleppe konstituert 24. september–4. november 1971

Familie- og forbrukardepartementet Inger Louise Valle 17. mars 1971–8. mai 1972

Forbrukar- og administrasjonsdepartementet: Inger Louise Valle 8. mai 1972–18. oktober 1972

Fiskeridepartementet: Knut Hoem 17. mars 1971–24. januar 1972 Magnus Andersen 24. januar 1972–18. oktober 1972

Kommunal- og arbeidsdepartementet: Odvar Nordli 17. mars 1971–18. oktober 1972

Løns- og prisdepartementet Olav Gjærevoll 17. mars 1971–8. mai 1972

Miljøverndepartementet: Olav Gjærevoll 8. mai 1972–18. oktober 1972

Samferdsledepartementet: Reiulf Steen 17. mars 1971–18. oktober 1972

Kyrkje- og undervisingsdepartementet: Bjartmar Gjerde 17. mars 1971–18. oktober 1972

Forsvarsdepartementet: Alv Jakob Fostervoll 17. mars 1971–18. oktober 1972

Landbruksdepartementet: Thorstein Treholt 17. mars 1971–18. oktober 1972

Sosialdepartementet: Odd Højdahl 17. mars 1971–18. oktober 1972

Sjå også Norske regjeringar

Kjelder Regjeringen.no om Trygve Bratteli si første regjering, vitja 15. november 2009

Bratteli 1