Shropshire (alternativt kalla Salop og forkorta Shrops) er eit grevskap i Vest-Midlands i England. Det grensar til Wales i vest. Shropshire er eit av dei mest landlege og mest folketynne områda i England med ein folketettleik på kring 91 per kvadratkilometer.http://www.shropshire.gov.uk/factsfigures.nsf/viewAttachments/SSER-7U2EJQ/$file/m03-005-key-facts-about-Shropshire.pdf. Distrikta i grevskapet vart erstatta av to sameinte styresmakter i 2009. Telford and Wrekin, vert rekna som ein del av Shropshire for seremonielle årsaker, og har vore ei sameint styresmakt sidan 1998.http://webarchive.nationalarchives.gov.uk/20031221093252/http://www.statistics.gov.uk/geography/downloads/UK_LADUACty.pdf statics.gov website

Grevskapet ligg rundt seks byar med den tidlegare administrasjonsstaden Shrewsbury, som er både kulturelt og historisk viktig, sjølv om Telford, som vart bygd rundt fleire eldre byarn som Wellington, Dawley og Madeley, i dag er den mest folkerike. Dei andre byane er Oswestry i nordvest, Newport i aust, Bridgnorth i søraust og Ludlow i sør. Whitchurch og Market Drayton i nord er òg to byar.

Ironbridge Gorge-området vert ofte kalla «industrien sin fødestad» og er ein verdsarvstad som omfattar Ironbridge, Coalbrookdale og delar av Madeley.http://whc.unesco.org/en/list/371 Ironbridge på UNESCO World Heritage website Det finst i tillegg historiske industristader rundt om i grevskapet som Broseley, Snailbeach og Highley samt Shropshire Union Canal.BBC - Shropshire - Features - Industrial Archeology

Shropshire Hills Area of Outstanding Natural Beauty dekkjer om lag ein fjerdedel av grevskapet, hovudsakleg i sør.Shropshire Hills AONB The Wrekin er eit av dei mest kjende naturlege landemerka i grevskapet,shropshirerocks.org: The Wrekin & The Ercall, men dei høgaste åsane er Clee Hills,shropshirerocks.org: Brown Clee Hill Stiperstonesshropshirerocks.org: The Stiperstones og Long Mynd.shropshirerocks.org: The Long Mynd Wenlock Edge er eit anna geografisk landemerke,shropshirerocks.org: Wenlock Edge og elva Severn, den lengste elvar i Storbritannia, renn gjennom grevskapet.. Shropshire har eit areal på , og er det største grevskapet i England som ikkje grensar til havet.Shropshire Council

Bakgrunnsstoff

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shropshire» frå , den 28. november 2009. oppgav desse kjeldene: