Gudmund Sandvik () var ein norsk professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo frå 1975.
Sandvik blei cand.philol i 1954 med hovudfag i historie og bifag i norsk og fransk. Han var lærar ved Lycée Pierre Corneille i Frankrike, lektor ved Sorbonne-universitetet i Paris og ved landsgymnaset på Vinstra før han kom til Historisk institutt ved Universitetet i Oslo. I 1965 tok han doktorgraden med ei avhandling om eigedomsretten til dei norske prestegardane.
Sandvik var leiar av det offentlege utvalet som i 1983 la fram forslag til ny stadnamnlov.
Som medlem av Samerettsutvalet og rettsgruppa som utgreidde retten til land og vatn i Finnmark gjorde han grundige studiar av nordnorsk og samisk historie. I dette utvalet hadde han mellom anna ansvaret for å utarbeide den historiske grunngjevinga for den nye paragrafen i Grunnlova om rettsstillinga til samane.
Sandvik gjekk av i 1995, men heldt kontakt med fagmiljøet sitt også etter at han var blitt pensjonist.
Bibliografi Studiar kring problemet eigedomsretten til dei norske prestegardane 1965 (doktoravhandling) Dømande kommisjonar i Norge 1974 Det gamle veldet 1975 Settargjerda i Tunsberg og kongens jurisdiksjon 1986 Forelesninger i rettshistorie 1990
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gudmund Sandnes» frå , den 5. januar 2010 som oppgav som kjelde: Marit Halvorsen, Ola Mestad, Dag Michalsen, Kirsten Sandberg: Nekrolog i Aftenposten 8. februar 2008, del 2 side 8
Kategori:Norske historikarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Folk frå Sandnes