Solum er ein tidlegare kommune i Telemark fylke oppretta som Solum formannskapsdistrikt i 1837.
Ein del av Solum med 1 042 innbyggjarar blei overført til Skien kommune 1. juli 1916. 1. juli 1920 blei ytterlegare ein del av kommunen med 1 614 innbyggjarar overført til Porsgrunn kommune.
1. januar 1964 blei Solum, Gjerpen og Skien kommunar samt Valebø krins i Holla slått saman til den nye Skien kommune. 1. januar 1968 blei ein del av Skien (område frå tidlegare Solum og Gjerpen kommunar) med totalt 3 554 innbyggjarar overført frå Skien til Porsgrunn kommune.
Blant bydelane som låg i Solum var Nenset, Tollnes, Flakvarp, Skotfoss og Klyve.
Kjelder Jukvam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå 1999
Kategori:Tidlegare kommunar i Telemark Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964 Kategori:Historie i Skien Kategori:Busetnader i Skien