mini|Plasseringa til Shiant Isles Shiant Isles (skotsk-gælisk Na h-Eileanan Mòra eller Na h-Eileanan Seunta) er ei privateigd øygruppe i The Minch, aust for Harris i Ytre Hebridane i Skottland. Dei ligg 8 km søraust for Lewis.Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins.
Geografi og geologi
mini|Landsat-bilete av Lewis, Harris og delar av Skye, som syner Shiant Isles
Shiant Isles ligg aust for Sound of Shiant. Dei største øyane er Garbh Eilean og Eilean an T(a)ighe, som er knytte saman via eit smalt eid, og Eilean Mhuire.
Øyane er kjende for dolerittsøylene som finst her. Dei liknar på dei ein finn på Staffa,m en er mykje større og omgjeve av høge klipper på over 100 meter.
Geologisk sett er øyane eit framhald av Trotternishhalvøya på Skye. Berggrunnen er vulkansk og 60 millionar år gamle, som er særs ungt for Hebridane. Dolerittsøylene på nordsida av Garbh Eilean er over 100 meter høge og om lag 2 meter på tvers.
Historie mini|venstre|Garbh Eilean frå Eilean an Taighe
Rundt år 1900 hadde Shiant Isles 8 innbyggjarar. Forfattaren og politikaren Compton MacKenzie eigde øyane frå 1925 til 1937. Seinare tok forfattaren og politikaren Nigel Nicolson over øyane.
Bakgrunnsstoff Side om Shiant Isles
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shiant Isles» frå , den 2. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Ytre Hebridane Kategori:Site of Special Scientific Interest i Skottland