Mingulay (skotsk-gælisk Miughalaigh) er ei øy i Atlanterhavet, i Ytre Hebridane på vestkysten av Skottland. Mingulay er den nest største av Barra Isles, øyane sør for Barra. Mingulay er òg den nest sørlegaste av alle øyane i dei ytre Hebridane, berre Barra Head ligg lenger sør. Det høgaste punktet på Mingulay er Càrnan som er 279 meter over havet.

mini|venstre|Restane av det gamle skulehuset på Mingulay. Mingulay har vore busett sidan jernalderen, men vart fråflytta i 1912. I dag vert øya nytta som utmarksbeite for sau.

Øya er kjent for sine hekkande sjøfuglar, særleg lundefugl, krykkje og alke.

Mingulay er i dag eigd av National Trust for Scotland.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mingulay» frå , den 3. mars 2010.

Kategori:Øyar i Ytre Hebridane