«The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest» er ein song av Bob Dylan på albumet John Wesley Harding frå 1967.
Balladen er den lengste songen på John Wesley Harding og er utan refreng, mellomspel eller anna som varierer strukturen, berre fleire vers som nærast vert tala fram av Dylan. Som resten av albumet er instrumenteringa enkel, teksten er stemningsfull og inviterer til tolking som ein allegori. Historia omhandlar Frankie Lee som svarer på forslag og freistingar frå ein viss Judas Priest. Frankie Lee døyr til slutt «av torste» etter å ha vore 16 døgn i eit hus med 24 kvinner i, truleg eit bordell.
Uvanleg for ein Dylan song ser «The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest» ut til å ende med ein tydeleg moral som fortel lyttaren at «moralen i denne soga, moralen i denne songen, er rett og slett at ein ikkje bør vere der ein ikkje høyrer heime», å hjelpe naboen sin med lastene hans, og «ikkje mistolke paradis for heimen på andre sida av vegen».
Heavy metal-bandet Judas Priest har teke namnet sitt frå denne songen.
Andre utgåver Andre artistar som har spelt denne songen er mellom andre Jerry Garcia og David Grisman Been All Around This World (2004) Martyna Jakubowicz på Tylko Dylan (2005), som «Jot jak Judasz» (på polsk)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest» frå , den 7. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Teksten
Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Songar produserte av Bob Johnston Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Jerry Garcia-songar