Ellen Horn (), fødd Ellen Stoesen, er ein norsk skodespelar, teatersjef og tidlegare kulturminister for Arbeidarpartiet.

Bakgrunn Ellen Horn blei fødd i Montreal, og budde dei fyrste åra av livet i Canada, der faren arbeidde for den internasjonale luftfartsorganisasjonen ICAO. Seinare voks ho opp på Tjøme.

Teater Ho dreiv dokketeater i tre år etter at ho fullførte vidaregåande skule.NRK nyheter 7. oktober 2009 Ho er utdanna som skodespelar frå Statens Teaterhøgskole. Ho har vore knytt til Fjernsynsteateret, til Nationaltheatret som skodespelar og teatersjef, og blei utnemnd til teatersjef for Riksteateret i februar 2005. Ho var styreleiar for Den Norske Opera frå 2007 til 2015.

Regjering Ellen Horn var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Jens Stoltenberg si første regjering, 2000-2001.

Privatliv Ho er gift med jazztrommeslagaren Jon Christensen, og har to barn: Kjersti Horn, frå det tidlegare ekteskapet med Per Horn, og Emilie Christensen frå det noverande ekteskapet.

Nokre roller Sigrid Undset i Undset (Trøndelag Teater 2005)Trøndelag Teater - heimeside

Kjelder

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske teatersjefar Kategori:Norske kulturministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg I Kategori:Folk frå Færder Kategori:Folk tilknytte Den Norske Opera & Ballett