Vincent Enyeama () er ein nigeriansk fotballspelar som spelar som keeper for Lille i fransk Ligue 1, og for det nigerianske landslaget.

Klubbkarriere Enyeama spelte fire sesongar for Enyimba i nigeriansk premier league, der han var med å vinna den afrikanske meisterligaen i 2003 og 2004. I 2005 vart han kjøpt av den israelske klubben Bnei Yehuda frå Tel Aviv. I den første sesongen hans hjå dei kom laget på fjerde plass i den israelske ligaen og kvalifiserte seg dermed til UEFA-cupen. I 2007 gjekk han over til den andre Tel Aviv-klubben Hapoel Tel Aviv. I 2009 vart han kåra til årets spelar i Israel.

Landslagskarriere Enyeama vart teken med i troppen til fotball-VM i 2002 som reservekeeper. Han spelte éin kamp i turneringa, då han heldt buret reint mot England. Etter VM i 2002 tok han over som Nigeria sin førstekeeper etter Ike Shorunmu, og stod i mål for Nigeria under Afrikameisterskapen i 2004, 2006, 2008 og 2010. I kvartfinalen under Afrikameisterskapen i 2010 mot Zambia vart han Nigeria sin helt, då kampen enda 0-0 og gjekk til straffesparkkonkurranse. Han redda ei straffe, før han sjølv skåra på den femte og avgjerande straffa, slik at Nigeria gjekk vidare til semifinalen.

Kjelder

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 13. mars 2010.

Kategori:Nigerianske fotballspelarar Kategori:Lille-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014