Nils Nilsson Skaar () var ein norsk lærar, gardbrukar, redaktør, lokalpolitikar og stortingsmann frå Fyksesundet i Kvam i Hordaland. Han var ordførar i heimkommunen i 20 år og hadde fast sete på Stortinget i til saman 15 år, og deltok på ytterlegare to sesjonar. Dessutan styrte han Hordaland Folkeblad i meir enn ein mannsalder.
Han var son av Nils Nilsson Skaar (1826–1909).
Liv og gjerning Skaar gjekk lærarskule på Voss i 1866–68 og Stord seminar i 1869–70. I 1872 var han elev ved Christopher Bruun sin folkehøgskule i Gausdal. Vinteren 1872–73 var han lærar på ein folkehøgskule på Jæren som var styrt av Wilhelm Konow. Dei to neste vintrane var han atter elev, fyrst på Bruun sin folkehøgskule og så på Askov folkehøjskole i Danmark. Åra 1877–85 var han lærar på Hardanger Folkehøgskule i Ullensvang.
Skaar var redaktør av fleire aviser. I 1878 vart han redaktør for og sidan eigar av avisa Hardangeren, som han døypte om til Søndre Bergenhus Folkeblad og seinare Hordaland Folkeblad. Skaar skreiv om lokale saker, men også om rikspolitikken, og avisa hadde ein vid lesarkrins. Han styrte avisa fram til 1940. I 1882 kjøpte han ein liten gard i Norheimsund og budde der sidan. Same året vart han valmann til stortingsvalet, noko han var fast fram til 1903. I heradstyret kom han med i 1886, frå 1888 og fram til 1919 var han ordførar i heimkommunen Vikør.
På Stortinget møtte han 1886–88 som representant Venstre for Søndre Bergenhus (Hordaland) og 1889–94 for Det moderate Venstre. Stortingsperioden 1898-1900 var han fyrste varamann, og møtte nokre månader i 1898 og fast frå oktober 1899. 1910–24 møtte han igjen for Venstre, som representant for valkrinsen Hardanger. I dei ulike stortingssesjonane sat han i ei rekkje komitear.
Skaar var utsending frå amtet til kongekroninga i Trondheim i 1906 og amtsrevisor 1898–1910. Gjennom åra var han medlem av mange offentlege utval og styre, mellom anna som formann i Kvams venstreforening og Hordaland Mållag. 1925–1936 var han redaktør for Hardanger historielag sitt tidsskrift.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814–1914 (Kristiania, 1914). «Nils Nilsson Skaar» i Allkunne, innhenta 9. juli 2010.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Folk frå Kvam Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Målfolk