Papa Westray, òg kalla berre Papay, er ei øy i Orknøyane i Skottland. I 2001 hadde øya 65 innbyggjarar, i 2005 70, og i 2011 90.Working Lunch, BBC Television Jordsmonnet er særs frodig,Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins. og dette har i lange tider trekt til seg folk til øya. mini|venstre|Westray frå Papa Westray mini|venstre|Gardshuset på Knap of Howar. Historiske attraksjonar på øya er mellom anna Holland House og det tilknytte folkemuseumet og steinaldergarden Knap of Howar.
Papay er den tiande største av Orknøyane med eit areal på om lag 9 km². Dette gjer ho òg til den nest minste av dei busette øyane.
Dyreliv Mange fuglar hekkar på øya, mellom anna isterne og tjuvjo. Det var ein av dei siste stadane der ein fann geirfugl før den siste vart drepen i 1813. Delar av øya inngår i eit fuglereservat.
Historie Gardsbruket Knap of Howar frå yngre steinalder er det eldste bevarte huset i Nord-Europa, datert til kring 3500 f.Kr.. Gardshuset består av to nært rektangulære steinrom, side om side, med ei dør i mellom, og med dører til utsida på vestsida.
I følgje segnene skal den piktiske kong Nechtan på 700-talet ha prøvd å forføre ei ung kvinne kalla Triduana på øya. Kvinna reagerte med å grave ut augo sine. Ho vart seinare abbedisse i eit nonnekloster ved Restalrig, i dag ein del av Edinburgh og vart seinare kanonisert som St. Tredwell. Det står eit kapell tileigna henne på Papa Westray og dette vart ein pilegrimsstad for folk med augeplager."St Treadwell's Loch, Papay". Orkneyjar. Vitja 26. august 2013.
På øya står òg ei soknekyrkje frå 1100-talet tileigna St. Boniface"St Boniface's" . Scottish Church Heritage Research. Vitja 26. august 2013. (nyleg restaurert) med norrøne runesteinar (truleg frå 1100-talet) på kyrkjegarden.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Papa Westray» frå , den 20. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Papa Westray RSPB North Hill, Papa Westray
Kategori:Øyar i Orknøyane