Guillaume er eit fransk mannsnamn med opphav i det germanske namnet Wilhelm, og svarer soleis til det norske førenamnet Vilhelm. Namnet Wilhelm er samansett av will, 'vilje', og helm, 'hjelm, vern'.
Ettersom namnet Guillaume er ei romansk versjon av namnet Wilhelm, er dei historiske personane som på norsk er kjende under namnet Wilhelm, kjende under namnet Guillaume i dei fransktalande landa. Til dømes er Guillaume le Conquérant den same normanniske erobrarkongen som er kjend som Wilhelm Erobraren i Noreg, Guillaume IV du Royaume-Uni den same som Vilhelm IV av Storbritannia, og Guillaume II d'Allemagne den same som Wilhelm II av Tyskland.
Guillaume er òg nytta som etternamn. Eitt av fleire døme er Charles Édouard Guillaume (1861-1938), ein sveitsisk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1920. Dessutan finst Guillaume i geografiske namn som i Sillé-le-Guillaume, ein kommune i departementet Mayenne i Frankrike.
Dei ulike variantane av førenamnet i dei romanske språka
Aragonsk: Guillén Katalansk: Guillem Spansk: Guillermo Fransk: Guillaume Normannisk (Ancien normand): Williame Franc-comtois: Vuillaume Italiensk: Guglielmo Mellomalderlatin: Willelmus Latin: Gulielmus Oksitansk: Guilhèm Portugisisk: Guilherme
Dei ulike variantane av førenamnet i dei germanske språka
Tysk: Wilhelm Engelsk: William, frå normannisk Williame Dansk: Vilhelm Norsk: Vilhelm, Vilhjelm Islandsk: Vilhjálmur Nederlandsk: Willem Svensk : Vilhelm, Wilhelm
Dei ulike variantane av førenamnet i dei keltiske språka Bretonsk : Gwilherm Goideliske språk (gælisk) : Liam Walisisk : Gwilym
Sjå òg Vilhelm
Kategori:Mannsnamn kategori:førenamn av tysk opphav kategori:namn knytte til eigenskapar kategori:namn knytte til strid