Jordan (arabisk الأردن, al-Urdun), offisielt Det hashimittiske kongedømet Jordan (arabisk المملكة الأردنية الهاشمية, al-Mamlakah al-Urdunīyah al-Hāshimīyah) er eit arabisk kongedøme i Vest-Asia, ved austbreidda av Jordanelva. Det strekkjer seg inn i den historiske regionen Palestina. Jordan grensa til Saudi-Arabia i sør og aust, Irak i nordaust, Syria i nord, og Vestbreidda, Daudehavet og Israel i vest.

Kongedømet oppstod i samband med at Vest-Asia vart delt mellom Storbritannia og Frankrike etter fyrste verdskrigen. I 1946 vart Jordan ein sjølvstendig, suveren stat, offisielt kalla Det hashimittiske kongedømet Transjordan. Etter at Vestbreidda vart erobra under den arabisk-israelske krigen i 1948, tok Abdullah I tittelen konge av Jordan og Palestina. Namnet på staten vart endra til Det hashimittiske kongedømet Jordan den 1. desember 1948.Howard Sachar, An Israeli history: From the Rise of Zionism to Our Time, Random House LLC, 31. juli 2013.

Sjølv om Jordan er eit konstitusjonelt monarki, har kongen vid utøvande og lovgjevande makt. Jordan er klassifisert som eit land med «middels menneskeleg livskvalitet» av Human Development Report frå 2011, og ein vekstmarknad med den tredje friaste økonomien i Vest-Asia og Nord-Afrika (32. friaste i verda). Jordan har ein økonomi i det «øvre sjiktet av middels». Jordan har hatt «høgare status» hos Den europeiske unionen sidan desember 2010, og er medlem av Euro-Middelhavet frihandelsområde. Landet var òg med å starte Den arabiske ligaen og Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC).

Historie mini|venstre|Den romerske ovale piazzaen i oldtidsbyen Jerash.

I antikken var dagens Jordan heimstad for fleire semittiske og kanaanittisk-talande kongedøme, som kongedøma Edom, Moab, Ammon, Israel og amalekittane. Til forskjellige tider av historia har regionen og nasjonane her vore underlagt mektige, utanlandske rike som Det akkadiske riket (2335-2193 fvt.), Det gamle Egypt (1400- til 1200-talet fvt.), Det hittitiske riket (1300- og 1200-talet fvt.), Det mellom-assyriske riket (1365-1020 fvt.), Det ny-assyriske riket (911-605 fvt.), Det ny-babylonske riket (604-539 fvt.) og akkamenidane (539-332 fvt.) og innimellom israelittane. Mesha-stelen skildra stordomen til kongane av Moab og sigrane deira over israelittane og andre nasjonar. Kongedøma Ammon og Moab er nemnde på oldtidskart, i skriftlege kjelder frå Det nære Austen, gamle gresk-romersk lekamar, og kristne og jødiske religiøse skrifter.

Transjordan i oldtida På grunn av den strategiske plasseringa midt i den gamle verda, vart Transjordan kontrollert av oldtidsrika til persarane og seinare makedonske grekarar, som vart den dominerande makta i regionen, etter erobringane til Aleksander den store. Det fall seinare under det hellenistisk Selevkideriket frå nord og partianarane frå aust.

Det arameisk-talande Nabateiske kongedømet var ein av dei mest framtredande statane i regionen i midten av antikken, etter at selevkidane mista kontroll over regionen i 168 fvt. Nabatearane var mest truleg eit folk som var ei blanding av aramearar, kanaanittar og arabarar, som tidleg vart påverka av hellenistisk og partiansk kultur, og skapte eit unikt sivilisert samfunn, som vandra langs vegane i ørkenane. Dei kontrollerte regionale og internasjonale handelsruter i den gamle verda då dei dominerte eit stort område sørvest for Den fruktbare halvmånen, som omfatta heile det moderne Jordan i tillegg til den sørlege delen av Syria i nord og den nordlege delen av Den arabiske halvøya i sør. Nabatearane utvikla eit alfabtet, ein etterkomar etter det arameiske alfabetet, som vart ført vidare til danning av arabisk skriftsystem på 300-talet evt..http://www.omniglot.com/writing/nabataean.htm. Språket deira var opphavleg arameisk (eit vestsemittisk språk), men vart blanda med sørsemittisk arabisk då arabiske stammer flytta inn i Nabatea på 200- og 300-talet evt.Basalt, Første hundreåret evt. Funnen i Sia i Hauran, Sør-Syria. Det fungerte som eit mellomledd mellom arameisk og klassisk arabisk, der sistnemnde utvikla seg til moderne arabisk.

Nabatearane vart i stor grad erobra av hashmoneiske herskarar i Judea og mange av dei tvang innbyggjarane til å konvertere til jødedom seint på 100-talet fvt. Men nabatearane klarte å oppretthalde eit slags delvis sjølvstendig kongedøme, som dekte det meste av dagens Jordan og lenger aust, før dei vart teken av styrkane til Herodes og omsider annektert av Romarriket i 106 evt. Utanom Petra, klarte romarane å halde dei fleste av oldtidsbyane i Transjordan velståande, og dei hadde eit slags sjølvstyre som bystat under ein paraply av alliansen Dekapolis. Den nabateiske sivilisasjon etterlet mange storslåtte arkeologiske stader som Petra, som i dag vert rekna som eit av dei sju nye underverka i tillegg til at han er ein verdsarvstad.

Etter at Romarriket oppretta Syria, vart landet ein del av det judeiske vasallkongedømet til Herodes, og seinare provinsen Judea. Då dei jødiske opprøra vart stoppa, vart austbreidda av Transjordan ein del av provinsen Syria Palaestina, medan dei austlege ørkenane hama under partiansk kontroll og seinare dei persiske sassanidane. Av dei delvis sjølvstendige bystatane i Transjordan som fall under Dekapolis finn ein Gerasa (Jerash), Filadelfia (Amman), Rafana (Abila), Dion (Capitolias), Gadara (Umm Qais), og Pella (Irbid).

Då Austromarriket var på hell, kom Transjordan under det kristne arabiske kongedømet til ghassanidane, som var alliert med Bysants. Den bysantinske staden Umm ar-Rasas er ein verdsarvstad.

Mellomalderen til fyrste verdskrigen Sidan Transjordan ligg nær Damaskus, låg det på 600-talet midt i hjartet av det arabiske islamriket og nytte derfor godt av fleire hundreår med stabilitet og velstand, som var med på å prege den noverande arabisk-islamske identiteten. Forskjellige dynasti styrte kalifata som Rashidunriket, omajadane og abbasidane. Fleire kjelder syner til at abbasidane oppstod i Transjordan-området, før dei tok over riket til omajadane. Etter at abbasidane mista makta, vart området styrt av fleire stridande makter som mongolane, krossfararane, ajjubidane og mamelukkane fram til det vart ein del av Det osmanske riket i 1516.

Omajade-kalifane bygde fleire landlege gods som Qasr Mshatta, Qasr al Hallabat, Qasr Kharana, Qasr Tuba og Qasr Amra. Av borger som vart bygde seinare i mellomalderen finn ein mellom anna Ajloun, Al Karak og Qasr Azraq og desse var i bruk av ajjubidane, krossfarane og mamelukkane.

På 1000-talet gjekk Transjordan inn i ei ustabil tid og vart ei slagmark for krosstoga, som enda med å bli slått av ajjubidane. Jordan leid òg av fleire mongolske åtak som vart stogga av mamelukkane.

I 1516 vart Transjordan ein del av Det osmanske riket og vart verande så fram til 1918, då den hashimittiske armeen under det store arabiske opprøret tok over, og sikra dagens Jordan med hjelp og støtte frå lokale stammer i Transjordan.

mini|Kavarli i det arabiske opprøret - stammer frå Jordan og Arabia, kring 1918. mini|Adygeisk (tsjerkessisk) ridekunst i Transjordan, april 1921.

Under fyrste verdskrigen kjempa stammer i Transjordan, i lag med andre stammer i regionane Hijaz, Tihamah og Levanten, i lag med den arabiske hæren under det store arabiske opprøret. Opprøret vart starta av hashimittane og leia av Sherif Hussein frå Mekka mot Det osmanske riket. Det fekk støtte frå dei allierte i fyrste verdskrigen. Historia om opprøret vart skriven av T.E. Lawrence som ung britisk offiser, fungerte som ein kontaktperson under opprøret. Han publiserte soga si i London i 1922 under tittelen Seven Pillars of Wisdom, som danna grunnlag for den ikoniske filmen Lawrence of Arabia.

Det store arabiske opprøret vart ein suksess og dei fleste territoria i Hijaz og Levanten fekk sjølvstende, inkludert regionen aust for Jordan. Men det klarte ikkje å bli internasjonalt anerkjend som ein sjølvstendig stat, hovudsakleg på grunn av den hemmelege Sykes–Picot-avtalen frå 1916 og Balfour-erklæringa frå 1917. Dette vart av hashimittane og arabarane sett på som eit brot på tidlegare avtalar med britane, inkludert McMahon–Hussein-korrespondansen i 1915, der britane sa seg villig til å anerkjenne sjølvstende til ein arabisk stat i Hijaz og Levanten. Ein kom likevel til eit kompromiss då emiratet Transjordan vart skapt, styrt av hashimittane.

Det britiske Transjordan-mandatet

I september 1922 anerkjende Folkeforbundet Transjordan som ein stat under Det britiske mandatet og Transjordan memorandum, og ekskluderte territoria aust for Jordanelva frå alle forskrifter i mandatet som omhandla jødisk busetnad.League of Nations Official Journal, Nov. 1922, s. 1188–1189, 1390–1391. The Permanent Court of International Justice og International Court of Arbitration oppretta eit råd i Folkeforbundet som i 1925 avgjorde at det skulle opprettast både ein jødisk og ein arabisk stat i mandatområdet Palestina, og Transjordan skulle opprettast som ein ny stat etter Det osmanske riket slik det var definert i folkeretten.Marjorie M. Whiteman, Digest of International Law, vol. 1, U.S. State Department (Washington, D.C.: U.S. Government Printing Office, 1963) s. 650–652 Landet vart verande under britisk tilsyn fram til 1946.

mini|upright|venstre|Arar (1897–1949), jordansk diktar.

Dei hashimittiske leiarane stod overfor mange vanskar då dei tok makta i regionen. Den mest alvorlege trugselen for stillinga til Emir Abdullah i Transjordan var stadige Wahhabi-åtak frå Najd og inn i sørlege område av territoriet hans. Emiren klarte ikkje å stoppe desse raida utan støtte, så britane opprettheldt ein militærbase, med ein liten RAF-styrke, ved Marka, nær Amman. Den britiske styrken hjelpte òg emiren (og sidan sultan Adwan) å stoppe lokale opprørarar ved Kura i 1921 og 1923.

Sjølvstende Den 25. mai 1946 godkjende Dei sameinte nasjonane slutten av Det britiske mandatet og anerkjende Transjordan som eit sjølvstendig, suverent kongedøme. Parlamentet i Transjordan erklærte kong Abdullah som den første kongen sin.

Namnet vart endra frå Transjordan til Jordan i 1948. I følgje statsministeren Tewfik Abul Huda på den tida, vart namnet på kongedømet endra i 1946. translating the Official Gazette, No. 984.

Etter krigen med Israel i 1948 okkuperte Jordan Vestbreidda og den 24. april 1950 annekterte Jordan formelt desse områda, noko som vart rekna som ulovleg og ugyldig av Den arabiske ligaen. Dette var eit ledd i ein «Stor-Syria-planen» til Jordan der dei ønskte å utvide områda sine, og som svar kravde Saudi-Arabia, Libanon, Syria og Egypt at Jordan skulle kastast ut av Den arabiske ligaen. Eit forslag om å kaste ut Jordan frå ligaen vart hindra av dissenterande stemmer frå Jemen og Irak. Den 12. juni 1950 erklærte Den arabiske ligaen at annekteringa var mellombels, eit praktisk tiltak og det at Jordan heldt området som ein «forvaltar» fram til ei framtidig avgjersle kom på bordet.

Den 20. juli 1951, då han drog frå al-Aqsa-moskéen i Jerusalem, vart Abdullah I myrda av Mustafa Ashu, ein palestinsk militant frå al-Jihad al-Muqaddas. Årsaka til attentatet var visstnok maktkampen om al-Husseini sin kontroll over Palestina, som Abdullah I hadde erklært var ein del av det hashimittiske kongedømet. Sjølv om Amin al-Husseini, den tidlegare stormuftien i Jerusalem, ikkje var direkte delaktig i attentatet, var Musa al-Husseini ein av seks som vart avretta av jordanske styresmakter etter attentatet.

Den 27. juli 1953 annonserte kong Hussein av Jordan at Aust-Jerusalem var «hovudstaden i det hashimittiske kongedømet» og skulle bli ein «viktig og udeleleg del» av Jordan. I 1957 avslutta Jordan den engelsk-jordanske avtalen, eit år etter at kongen fjerna britane som tente i den jordanske hæren. Dette gjorde at Jordan fekk full suvernitet som ein fulstendig, sjølvstendig nasjon.

mini|venstre|Feltmarskalk Habis Al-Majali og tidlegare statsminister Wasfi Al-Tal.