Syria, offisielt Den arabiske republikken Syria, er ein stat i Midtausten. Landet grensar til Libanon og Middelhavet i vest, Tyrkia i nord, Irak i aust, Jordan i sør og Israel i sørvest. Grensene med Israel (Golanhøgdene) og Tyrkia (Iskenderun) er omstridde. Hovudstad er Damaskus og er av dei eldste permanent busette byane i verda. Landet består av frodige sletter, høge fjell og ørkenar, og er heimstad for mangfaldige etniske og religiøse grupper, som alawittar, sunnimuslimske og kristne arabarar, armenarar, assyrarar, drusar, kurdarar og tyrkarar. Sunni-arabarar utgjer den største folkegruppa i Syria.
Syria var tidlegare synonymt med Levanten (på arabisk kalla al-Sham) medan den moderne staten dekkjer fleire gamle kongedøme og rike, som Ebla-sivilisasjonen på 2000-talet fvt. I den islamske tida vart Damaskus setet for Umayyade-kalifatet og ein provinshovudstad i Mamelukk-sultanatet i Egypt.
Den moderne syriske staten vart grunnlagd etter fyrste verdskrigen som det franske mandatområdet, og var den største arabiske staten som kom fram frå det tidlegare osmansk-styrte arabiske Levanten. Landet fekk sjølvstende i april 1946, som ein parlamentarisk republikk. Perioden etter sjølvstendet var uroleg, og mange militærkupp og kuppforsøk herja landet i perioden 1949–1971. Mellom 1958 og 1961 gjekk Syria inn i ein kortvarig union med Egypt, som enda med eit militærkupp. Frå 1963 til 2011 var det unntakstilstand i landet, innbyggjarane var utan alt av rettsleg vern, og styreforma vert rekna som ikkje-demokratisk. Bashar al-Assad vart president i 2000 og tok over etter far sin, Hafez al-Assad, som var president frå 1970 til 2000. Assad-styret fall 8. desember 2024 og Syria gjekk inn i ein politisk overgangsperiode med Mohammed al-Bashir som leiar.
Frå mars 2011 var Syria innvikla i ein borgarkrig etter ei rekkje opprør (rekna som ein del av den arabiske våren, masserørsla av revolusjonar og protestar i den arabiske verda) mot Assad og ny-Ba'athist-styret. Ei alternativ regjering vart danna av opposisjonen Nasjonalkoalisjonen av syriske revolusjons- og opposisjonskrefter i mars 2012. Representantar av denne regjeringa vart invitert til å ta Syria sitt sete i Den arabiske ligaen.
Syria er medlem av Dei sameinte nasjonane, Organisasjonen av alliansefrie nasjonar, Den arabiske ligaen og Organisasjonen for islamsk samarbeid.
Etymologi Namnet «Syria» kjem frå det gammalgreske namnet for syrarar, Sýrioi (gresk skrift Σύριοι) eller Sýroi (Σύροι), som grekarane nytta om assyrarar.Herodotos, Historier, VII.63, s:History of Herodotos/Book 7. Fleire moderne forskarar hevdar at det greske ordet som er knytt til det kognate greske Ἀσσυρία, Assyria, opphavleg kom frå det akkadiske Aššur.Først foreslått av Theodor Nöldeke i 1881; jfr. Andre meinte at det kom frå Siryon, namnet som folk frå Sidon gav Hermon. Då ein oppdaga Çineköy-inskripsjonen i 2000 verka dette å støtte at omgrepet «Syria» kjem frå Assyria, som oppstod i nordlege delar av dagens Irak.
Området som ordet har omfatta har endra seg med tida. I antikken låg Syria i austenden av Middelhavet, mellom Arabia i sør og Vesleasia i nord, og strekte seg innover til delar av Irak, og hadde ei uviss grense i nordaust og Plinius den eldre skildrar området frå vest til aust som Kommagene, Sofene og Adiabene.
På Plinius si tid hadde dette store Syria blitt delt inn i fleire provinsar under Romarriket (politisk sjølvstendige frå kvarandre): Iudaea, seinare omdøypt Palestina i 135 evt. (området som svarar til dagens Israel, det palestinske området og Jordan) heilt i sørvest, Fønikia som svarar til Libanon, med Damascena til det indre av Fønikia, Koilesyria sør for Eleutheris-elva og Irak.
Historie
Den eldre antikken mini|upright|Kvinneleg figur i Syria, 5000 fvt. Det antikke orientmuseet. mini|upright|Yarim-Lim I av Yamhad var den mektigaste kongen i Levanten. Frå kring 10 000 fvt. var Syria eit av sentera i kulturen i den yngre steinalderen, før-keramikktida, der jordbruk og kvegdrift dukka opp for første gong i historia. Den neste perioden i den yngre steinalderen er representert av rektangulære hus i Mureybet-kulturen. Folk nytta då reiskapar av stein, gips og brent kalk. Funn av reiskapar av obsidian frå Anatolia er bevis på tidlege handelssamband. Byane Hamoukar og Emar spelte ei viktig rolle i den seinare yngre steinalderen og bronsealderen. Arkeologar har synt at sivilisasjonen i Syria var ein av dei eldste på jorda, kanskje berre slått av dei i Mesopotamia.
Eblaittar og amorittar
Den tidlegare registrerte innfødde sivilisasjonen i regionen var bystaten EblaPettinato, Giovanni. The Archives of Ebla; Gelb, I. J. "Thoughts about Ibla: A Preliminary Evaluation" in Monographic Journals of the Det nære austen, Syro-Mesopotamian Studies 1/1 (May 1977) s. 3-30. nær dagens Idlib, nord i Syria. Ebla vart truleg grunnlagd kring 3000 fvt., og bygde gradvis velstanden sin på handel med dei mesopotamiske statane Sumer, Assyria og Akkad, i tillegg til hurrittar og hattiar i nordvest, i Vesleasia. Gåver frå faraoar som er funne under utgravingar, stadfestar at Ebla hadde kontakt med Egypt. Ein av dei tidlegare nedskrivne tekstane frå Syria er ein handelsavtale mellom vesir Ibrium av Ebla og kong Tudiya av Assyria kring 2250 fvt. Forskarar trur at språket i Ebla er eit av dei eldste kjende nedskrivne semittiske språka etter akkadisk. Nyare klassifiseringar av eblaittisk har synt at det var eit austsemittisk språk, nært knytt til akkadisk, då heile Syria vart ein del av det mesopotamiske Akkadiske riket etter erobringane til Sargon av Akkad som enda den eblaittiske sivilisasjon kring 2330 fvt.
Ebla vart gjenoppretta av kanaanittisktalande amorittar, som dominerte mykje av Syria frå 2000-talet fvt., sjølv om delar av Syria var okkupert av Assyria og Babylonia på 1800- og 1700-talet fvt.. Babylonia vart grunnlagde av amorittar frå Syria og Syria vart kalla Landet til Amurru (amorittar) av naboane sine i Assyria og Babylonia.
Byen Mari dukka opp i denne tida og vart ein rival til Ebla før han vart erobra av Hammurabi av Babylon. Ugarit vart òg grunnlagd på denne tida, kring 1800 fvt., i nærleiken av dagens Latakia. Ugarittisk var eit semittisk språk som var laust knytt til kanaanittiske språk, og utvika ugarittisk skrift, det første alfabetet i historia. Det ugarittiske kongedømet overlevde fram til det vart øydelagd av plyndrande indoeuropeiske havfolk på 1100-talet fvt.
Yamhad (dagens Aleppo) vart skildra i tavlene frå Mari som den mektigaste staten i det nære austen og skal ha hatt fleire vasallar enn Hammurabi av Babylon. Yamhad dominerte nord i Syria i to hundreår, og tok makta over Alalakh, Qatna og Eufratdalen ned til grensa med Babylon, og hæren til Yamhad drog så langt bort som Dēr ved grensa til Elam (dagens Iran), Yamhad vart erobra og øydelagd i lag med Ebla av indoeuropeiske hettittar frå Vesleasia kring 1600 fvt.Relations between God and Man in the Hurro-Hittite Song of Release, Mary R. Bachvarova, Journal of the American Oriental Society, Jan–Mar SAAD 2005
Frå den tida vart Syria ei slagmark for forskjellige utanlandske rike, hettittar-riket, Mitanni-riket, Det nye riket i Egypt, Det midtassyriske riket, og til ein mindre grad Babylonia. Egyptarane okkuperte i starten mykje i sør, medan hettittane, og Mitanni, okkuperte mykje i nord. Assyria fekk etter kvart overtaket, øydela Mitanni-riket, og annekterte dei enorme områda som hettittane og Babylon tidlegare hadde hatt. Mellom 1365 og 1020 fvt. vart Aust-Syria stort sett ein del av Det midtassyriske riket.Georges Roux, Ancient Irak, 3rd ed., Penguin Books, London, 1991, p.381 medan det vestlege område vart verande ein del av riket til hettittane fram til det vart øydelagd.
Aramearar og fønikiarar
mini|Den egyptiske faraoen Rameses II stormar den hittitiske festninga i Dapur, 1269 fvt. mini|Relieff frå Tel Halaf datert til kongedømet til Bit Bahiani. Kring 1300-talet fvt. dukka forskjellige semittiske folk opp i området, som halvnomadiske sutearar som kom i ein konflikt med Babylonia i aust, og vestsemittisk-talande aramearar som tok over etter dei tidlegare amorittane. Dei vart òg underlagt Assyria og hettittane i fleire hundreår. Egyptarane kjempa mot hettittane for å få kontroll over det vestlege Syria, og kampane nådde ein topp i 1274 fvt. med slaget ved Kadesh.
Då hettittane var øydelagd og Assyria vart svakare seint på 1000-talet fvt., tok arameiske folk kontroll over dei indre områda, og danna statar som Bit Bahiani, Aram-Damaskus, Hamath, Aram-Rehob, Aram-Naharaim og Luhuti. Frå den tida vart regionen kalla Aramea eller Aram. Det vart òg ein syntese mellom semittiske aramearar og restane av dei indoeuropeiske hettittane då fleire syrisk-hettitiske statar vart grunnlagde nord i det sentrale Aram (Syria) og sør i det sentrale Vesleasia (dagens Tyrkia) som Karkemisj og Sam'al.
Ei kanaanittisk gruppe kjend som fønikiarar skulle kome til å dominere kystområda av Syria (og Libanon og det sørvestlege Tyrkia) frå 1200-talet fvt., og grunnla bystatar som Amrit, Simyra, Arwad, Paltos, Ramitha og Shuksi. Frå desse kystområda dominerte dei etter kvart store delar av Middelhavet, og bygde koloniar på Malta, Sicilia, Den iberiske halvøya (dagens Spania og Portugal), kysten av Nord-Afrika, og viktigast av alt, grunnla den store bystaten Kartago (i dagens Tunisia) på 800-talet fvt. som seinare vart senter i eit stort rike som kjempa mot Romarriket.
Syria og heile Det nære austen kom så inn under det enorme Nyassyriske riket (911 fvt.-605 fvt.). Assyrarane innførte gammelarameisk som lingua franca i riket sitt. Dette språket vart verande det dominerande i Syria og heile Det nære austen fram til den arabiske islamske erobringa på 600- og 700-talet evt., og var ein reiskap i å spreie kristendom. Assyrarane kalla koloniane sine i Syria og Libanon Eber-Nari. Det assyriske herredømet enda då assyrarane svekka seg sjølv i ei rekkje brutale borgarkrigar etterfølgd av eit samla åtak frå ein koalisjon av dei tidlegare folkegruppene dei rådde over, som medarar, babylonarar, kaldearar, persarar, skytarar og kimmeriarar. Då Assyria fall herja og plyndra skytarane mykje av Syria. Den siste skansen til den assyriske hæren var ved Karkemisj nord i Syria i 605 fvt.
Det assyriske riket vart etterfølgd av Det nybabylonske riket (605 fvt.-539 fvt.), og i denne perioden vart Syria ei slagmark mellom Babylonia og ein annan tidlegare assyrisk koloni, Egypt. Babylonarane sigra, som assyrarane gjorde, over Egypt.
Antikken
mini|venstre|Den antikke byen Palmyra.
Akamenide-persarar tok Syria frå Babylonia som ein del av hegemoniet deira over Sørvest-Asia i 539 fvt. Persarane, som i fire hundreår hadde vore under assyrisk styre, heldt på gammelarameisk som språk for Akamenide-riket (539 fvt.- 330 fvt.) og det assyriske namnet, Eber-Nari, på satrapien Aram/Syria.
Syria vart erobra av det greske Makedonske riket styrt av Aleksander den store kring 330 fvt., og vart så provinsen Koilesyria i det greske Selevkideriket (323 fvt. - 64 fvt.).
Det var grekarane som introduserte namnet «Syria» til regionen. Opphavleg var det ei indoeuropeisk forvansking av «Assyria» i det nordlege Mesopotamia, og grekarane nytta ikkje berre dette omgrepet til å skildre sjølve Assyria, men òg landområda i vest, som i hundreår hadde vore under assyrisk herredøme.Rollinger, Robert (2006). «The terms «Assyria» and «Syria» again» (PDF). Journal of Near Eastern Studies 65 (4): 284–287. . Så i den gresk-romerske verda vart både aramearane i Syria og assyrarane i Mesopotamia i aust kalla «syrarar», trass i at dette var forskjellige folk.
Palmyra var eit rikt og stundom mektig arameiske kongedøme som dukka opp nord i Syria på 300-talet fvt., sjølvstendig frå grekarane. Etter kvart vart delar av det sørlege selevkidiske Syria teken av judeiske hasmonarar då det hellenistiske riket sakte vart oppløyst.