Libanon, offisielt Republikken Libanon, er eit land i Vest-Asia. Det grensar til Syria i nord og aust og Israel i sør. Libanon ligg ved den kulturelle krossvegen mellom Middelhavet og det arabiske innlandet og dette har diktert den rike historia til landet og forma ein mangfaldig religiøs og etnisk kulturidentitet. Trass i den vesle storleiken til landet er libanesisk kultur kjend både i Midtausten og i verda, styrka av den store libanesiske diasporaen.

Dei tidlegaste arkeologiske funna etter sivilisasjon i Libanon går attende meir enn sju tusen år, før skriftleg historie. Libanon var heimstaden til fønikarane, ein maritim kultur som florerte i over tusen år (ca. 1550–539 fvt.). I 64 fvt. kom regionen under Romarriket, og vart etter kvart eit av dei leiande sentera for kristendom i riket. I Libanonfjella vart klostertradisjonen kalla den maronittiske kyrkja grunnlagd. Då dei muslimske arabarane erobra regionen, held maronittane på religionen og identiteten sin. Ei ny religiøs gruppe, drusarane, oppstod òg i Libanonfjella, eit religiøst skilje som varte i mange hundreår. Under krosstoga fekk maronittane igjen kontakt med den katolske kyrkja og danna eit fellesskap med Roma. Banda dei knytte med latinarane har påverka regionen inn i moderne tid.

Regionen kom etter kvart under Det osmanske riket, eit politisk rike som eksisterte frå 1299 til 1923. Då riket kollapsa etter fyrste verdskrigen, vart dei fem provinsane som utgjer dagens Libanon gjevne til Frankrike som eit mandatområde. Franskmennene utvida grensene i Libanonfjella, som stort sett var folkesett av maronittar og drusarar, og inkluderte fleire muslimar. Libanon fekk sjølvstende i 1943, og oppretta eit unikt politisk system – «konfesjonalisme» – som er ein maktfordelingsmekanisme basert på religiøse samfunn. Bechara El Khoury (den første sjølvstendige, libanesiske presidenten), Riad El-Solh (den første libanesiske statsministeren) og Emir Majid Arslan (den første libanesiske forsvarsministeren) vert rekna som grunnleggjarane av den moderne libanesiske republikken og er nasjonalheltar for å ha gjeve landet sjølvstende. Dei franske soldatane trekte seg ut av Libanon i 1946.

Libanon var fyrst eit relativt stabilt land. Stabiliteten var kortlivd og enda med utbrotet av den libanesiske borgarkrigen (1975–1990) mellom ulike politiske og sekteriske partar. Delar av landet vart også utsett for utanlandsk militær okkupasjon av Syria frå 1976 til 2005 og av Israel frå 1985 til 2000. Før borgarkrigen hadde landet ein relativt roleg periode med velstand, driven av turisme, jordbruk, handel og bankverksemd. På grunn av økonomisk makt og mangfald vart Libanon i glanstida kjend som «det austlege Sveits». Mange turistar kom til hovudstaden, Beirut, som vart kalla «Midtaustens Paris». Mot slutten av krigen vart det gjort store forsøk på å gjenoppfriske økonomien og bygge opp att den nasjonale infrastrukturen.

Libanon er eit utviklingsland, rangert som nummer 92 på Human Development Index, eit av dei høgaste i den arabiske verda utanom dei oljerike landa i Persiabukta. Det er vorte klassifisert som eit øvre mellominntektsland. Den libanesiske likviditetskrisa, korrupsjon og andre utfordringar har ført til valutakollaps, politisk ustabilitet, varemangel, høg arbeidsløyse og fattigdom. Libanon er eit av grunnleggjarlanda til Dei sameinte nasjonane og medlem av Den arabiske ligaen, Organisasjonen av alliansefrie nasjonar, Organisasjonen for islamsk samarbeid og Organisation internationale de la Francophonie.

Etymologi

Namnet Libanon kjem frå den Fønikiske rota LBN (semittisk لبن), som tyder «kvit», og syner truleg til dei snødekte Libanonfjella.

Namnet finst i forskjellige tekstar frå biblioteket i Ebla, som er datert til 2000-talet fvt., nesten 70 gonger i Bibelen, og tre av tolv tavler i Gilgamesj (kanskje så tidleg som 2100 fvt.).

Namnet er registrert på gammalegyptisk som Rmnn, der R stod for kanaanittisk L.

mini|260px|left|Kart over Libanon

Historie

Libanon i antikken mini|Kart over Fønikia og handelsruter. Spor på tidlege busetnader i Libanon er funnen i Byblos, som vert rekna som ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda. Spora er daterte til tidlegare enn 5000 fvt. Arkeologar oppdaga restar av førhistoriske hytter med knuste kalksteinsgolv, primitive våpen og gravkrukker frå fiskarsamfunn i yngre steinalder og koparalderen som levde ved kysten av Middelhavet for meir enn 7 000 år sidan.

Libanon var ein del av det nordlege Kanaan, og vart så heimlandet til etterkomarane etter kanaanittane – fønikarane, eit sjøfarande folks om spreidde seg over heile Middelhavet før Kyros den store kom til makta. Den mest kjende kolonien deira var Kartago i dagens Tunisia og Cádiz i dagens Spania. Fønikarane er mest kjend for å mellom anna ha funne opp alfabetet. Etter to hundre år under persisk styre, gjekk den makedonske herskaren Aleksander den store til åtak og brende Tyr, den viktigaste fønikiske byen. Gjennom åra fram til nyare tid, har landet vore ein del av ei rekkje etterfølgjande rike, blant dei Det egyptiske riket, persarane, Assyria, hellenarane, Romarriket, Armenia, Austromarriket, arabarane (umayyadane, abbasidane, fatimidane), Det store seldsjukkarriket, mamelukkane, krossfararstaten grevskapet Tripoli grunnlagd av Raymond IV av Toulouse som dekte det meste av dagens Libanon, og Det osmanske riket.

Maronittar, drusarar og krosstoga mini|Fallet til Tripoli til dei egyptiske mamelukkane og øydelegginga av krossfararstaten, grevskapet Tripoli, 1289 Regionen som i dag er Libanon, vart i lag med Syria og mykje av Anatolia, eit stort senter for kristendom i Romarriket då religionen i tidlege år spreidde seg. Seint på 300- og tidleg på 400-talet, oppretta ein eremitt kalla Maron ein klostertradisjon, som fokuserte på monoteisme og askese, nær den syriske fjellkjeda Libanonfjella. Munkane som følgde Maron spreidde læra hans blant syrarane i regionen. Desse kristne vart kjende som maronittar og flytta opp i fjella for å unngå religiøs forfølging av dei romerske styresmaktene.

På 600-talet erobra arabarane Syria og oppretta eit nytt regime som erstatta bysantinarane. Sjølv om islam og arabisk språk no var offisielle i det nye regimet, tok det tid før folkesetnaden i området konverterte frå kristendom og syrisk språk. Det maronittiske samfunnet heldt særleg fast på trua og tradisjonane sine og klarte å halde på eit sjølvstyre trass i mange forskjellige herskarar i Syria.

På 1000-talet dukka den drusiske trua opp frå ei grein av sjiaislam. Den nye trua fekk følgjarar i den sørlege delen av Libanonfjella. Dei nordlege områda av Libanonfjella vart styrt av føydale drusar-familiar til tidleg på 1300-talet då styret deira enda med mamelukkinvasjonen. Den maronittiske folkesetnaden auka gradvis i dei nordlege Libanonfjella og drusarane heldt seg i dei sørlege Libanonfjella fram til moderne tid. Sør for den noverande Libanon- (Jabal Amel), Baalbek- og Bekaadalen styrte føydale sjiafamiliar under mamelukkane og Det osmanske riket. Dei store byane ved kysten, Akko, Beirut og andre, vart direkte styrte av den muslimske kalifen og folket her vart meir eller mindre fullstendig absorbert av den arabiske kulturen.

Etter det romerske/kristne Anatolia fall til muslimske tyrkarar, bad bysantinarane paven i Roma om støtte på 1000-talet. Resultatet vart ei rekkje krigar kalla krosstoga starta av frankarane i Vest-Europa for å vinne attende dei tidlegare bysantinske, kristne områda i det austlege Middelhavsområdet, særleg Syria og Palestina (Levanten). Det første krosstoget førte til opprettinga av kongedømet Jerusalem og grevskapet Tripoli som romersk-katolske statar langs kysten. Desse krossfararstatane gjorde eit varig inntrykk på regionen, sjølv om dei berre hadde avgrensa kontroll, og regionen fall attende til full muslimsk kontroll etter to hundreår, då mamelukkane erobra regionen.

Ein av dei mest varige effektane av krosstoga i regionen var kontakten mellom frankarane (franskmennene) og maronittane. I motsetnad til dei fleste andre kristne samfunn i det austlege Middelhavet, som svor truskap til Konstantinopel eller andre lokale patriarkar, svor maronittane truskap til paven i Roma. Slik sett rekna frankarane dei som romersk-katolske brør. Dette førte til støtte for maronittane frå Frankrike og Italia, sjølv etter krossfararstatane fall i regionen.

Osmansk Libanon og Det franske mandatet mini|venstre|Fakhreddine II-palasset, 1600-talet mini|upright|Kart frå 1862 teikna av den franske styrken til Beaufort d'Hautpoul, seinare nytta som mal for grensene til Stor-Libanon i 1920.

I denne perioden var det noverande Libanon delt inn i fleire provinsar. Dei nordlege og sørlege Libanonfjella, Tripoli, Baalbek og Beqaadalen og Jabal Amel. I dei Sørlege Libanonfjella i 1590, vart Fakhr-al-Din II etterfølgjaren til Korkmaz. Han tok raskt makta som den viktigaste prinsen til drusarane i Shouf-området i Libanonfjella. Til slutt vart Fakhr-al-Din II utpeikt som sanjakbey (leiar) over fleire osmanske underprovinsar, med ansvar for å samle inn skattar. Han strekte kontrollen sin over eit stort område av Libanonfjella og kystområda, og bygde eit fort så langt inn i landet som ved Palmyra. Denne utvidinga av maktområde vart etter kvart for mykje for den osmanske sultanen Murad IV, som sende ein styrke for å ta Fakhr til fange i 1633. Han vart ført til Istanbul, og sat i fengsel der i to år og så avretta i lag med ein av sønene sine i april 1635. Overlevande medlemmar av familien til Fakhr al-Din, styrte så over eit mindre område under tettare osmansk kontroll fram til slutten av 1600-talet.

Då den siste Maan-emiren døydde, styrte forskjellige medlemmar av Shihab-familien over Libanonfjella fram til 1830. Kring 10 000 kristne vart drepne av drusarane i ein indre strid i området i 1860. Kort tid etter dette vart emiratet Libanonfjella som varte kring 400 år, erstatta av Libanonfjella mutasarrifat, som eit resultat av ein europeisk-osmansk avtale kalla Règlement Organique. Baalbek og Beqaadalen og Jabal Amel vart styrt periodisk av forskjellige føydale sjiafamiliar, særleg Al Ali Alsagheer i Jabal Amel som hadde makta her fram til 1865 då osmanarane tok direkte kontroll over styret av regionen.

I 1920, etter den fyrste verdskrigen, vart området som var mutasarrifat, og nokre av dei kringliggande områda som hovudsakleg var sjia- og sunnimuslimske, vart ein del av staten Stor-Libanon under Det franske mandatet i Syria og Libanon. Tidleg i 1920, vart libanesisk territorium gjort krav på som ein del av Det arabiske kongedømet Syria, men etter kort tid førte den fransk-syriske krigen til arabisk nederlag og kapituleringa til hashemittane. Mot slutten av krigen hadde svolt teke livet av kring 100 000 menneske i Beirut og Libanonfjella, kring 30% av den totale folkesetnaden. mini|Romerske bad i Serailåsen i Beirut. Den 1. september 1920, oppretta Frankrike på ny Stor-Libanon etter at moutasarrifiya-styret fjerna fleire regionar som høyrte til fyrstedømet Libanon og gav dei til Syria. Libanon var eit stort sett kristent land (hovudsakleg maronittisk territorium med somme gresk-ortodokse enklavar) men omfatta òg område med mange muslimar (inkludert drusarar). Den 1. september 1926, danna Frankrike Den libanesiske republikken. Ei grunnlov vart vedteke den 25. mai 1926 og ein demokratisk republikk vart oppretta med ei parlamentarisk styreform.

Sjølvstende mini|venstre|Martyrplassen i Beirut under feiringa av at franskmennene hadde sett den libanesiske regjeringa fri frå Rashayya fengsel den 22. november 1943. Libanon fekk sjølvstende i 1943, medan Frankrike var okkupert av Tyskland.