Andvake er namnet på ei forteljing av Jon Fosse, utgjeven på Det norske Samlaget i 2007. Romanen handlar om ung kjærleik og om menneskeleg brutalitet, når eit ungt par som ventar barn er drive heimanfrå, og kjem inn til Bjørgvin for å finne arbeid og ein stad å bu.Jon Fosse i Bergens Tidende

Forteljinga held fram i bøkene Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014). Forfattaren fekk i 2015 Nordisk råds litteraturpris for denne romantriologien.

Romantittelen Ordet andvake tyder 'søvnlaus' eller 'søvnlaust' (jf. «andvaken»).Andvaken i Nynorskordboka I norrønt kunne substantivet andvaka tyde både 'nattevak', 'søvnløyse', 'aktsemd' og 'vaktsemd' (bm. «årvåkenhet»).Leiv Heggstad, Finn Hødnebø og Erike Simensen: Norrøn ordbok, Det Norske Samlaget 1990 ISBN 82-521-3493-9

Kjelder

Kategori:Norske romanar Kategori:Jon Fosse Kategori:Bøker frå 2007