Andreas Aagaard Kiønig () var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Kiønig var fødd i Grue. Han vart uteksaminert cand.jur. i 1790. Åra 1793 til -98 var han tilsett i kanselliet i København. Frå 1798 var han sorenskrivar i Østerdalen.

Kiønig var med i riksforsamlinga i 1814 som 2. utsending frå Hedmark. På Eidsvoll slutta han seg til sjølvstendepartiet.

Same året, 1814, vart han tilsett som assessor i Noregs Høgsterett. I 1836 var Kiønig ein av kandidatane til stillinga som høgsterettsjustitiarius, men det vart Georg Jacob Bull som vart utnemnd. Kiønig trekte seg då, 1837, frå Høgsterett.

I eigenskap av høgsterettsdommar var Kiønig medlem av riksrettane 1815-16, 1821-22 og 1836, ved det siste høvet som fungerande justitiarius. Ved riksretten 1827 melde han forfall grunna sjukdom.

I perioden 1816-21 var Kiønig statsrevisor.

Kiønig, som levde ugift, døydde på garden sin, Oppsal, i Elverum. Eit minnesmerke vart reist på grava hans på Elverum kyrkjegard.

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Folk frå Grue Kategori:Norske høgsterettsdommarar