mini|Gavotte-dans i Bretagne i Frankrike i 1878 Gavotte (uttale /gavˈåt/) er opphavleg ein fransk pardans som stammar frå ein folkedans. Gavotte har fått namn etter innbyggjarane i Gap, gavots, i regionen Pays de Gap i Dauphiné, der dansen først oppstod.
mini|venstre|Grunnleggjande gavotte-rytme. Dansen vart først skildra som hoffdans av Thoinot Arbeau i 1589. Han vart populær som selskapsdans på 1700-talet, og vert skildra som sirleg, elegant og kokett. Dansen er inndelt i turar, og vert dansa i eit livleg tempo i 4/4-, 2/2 eller 2/4-takt. Nyare folke-gavottar frå Bretagne kan også dansast i 9/8- og 5/8-takt.
mini|Tradisjonell gavotte frå Bretagne. Kjelder «Gavotte» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. januar 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dans på 1500-talet Kategori:Dans på 1600-talet Kategori:Dans på 1700-talet Kategori:Fransk musikk Kategori:Historiske dansar Kategori:Europeiske folkedansar Kategori:Fransk kultur Kategori:Barokkmusikk Kategori:Barokkdans Kategori:Danseformer i klassisk musikk