Robin van Persie () er ein nederlandsk fotballspelar. Han har spela som spiss for Manchester United i engelsk Premier League, og for det nederlandske landslaget. På landslaget har han stundom òg spela som ving.
Van Persie er son av to kunstnarar, og vart oppmuntra til å følgja i fotspora til foreldra, men valde fotballen i staden. Han fekk gjennombrotet sitt for Feyenoord i heimbyen rotterdam, der han var i tre sesongar, og var med å vinna UEFA-cupen i 2002. I 2004 gjekk han til Arsenal for 2,75 millionar pund. Han vann FA-cupen i den første sesongen i klubben, og vart kåra til årets idrettsmann i Rotterdam i 2006. Han vart Arsenal sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 11 seriemål, og i 2008/09-sesongen med 11 seriemål.
4. juni 2005 debuterte han for Nederland sitt A-landslag i ein VM-kvalifiseringskamp mot Romania. Fire dagar seinare, i ein VM-kvalifiseringskamp mot Finland, skåra han det første landslagsmålet sitt. Sjølv om han ikkje spelte fast for Arsenal, vart han teken ut av landslagssjef Marco van Basten til Nederland sin tropp til fotball-VM i 2006. Han spelte alle Nederland sine fire kampar, og skåra eitt mål mot Elfenbeinskysten i gruppespelet. Han var Nederland sin toppskårar i kvalifiseringa til fotball-EM i 2008 med fire mål. I sjølve turneringa spelte han som ving, med Ruud van Nistelrooy som einaste spiss. Van Persie konkurrerte med Arjen Robben om plassen som ving. Han kom inn som innbytar og skåra i gruppekampen mot Frankrike og fekk starta kampen mot Romania, der han skåra igjen.
Van Persie bur i London med den marokkansk-nederlandske kona si Bouchra, ein son og ei dotter.
Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Feyenoord-spelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014