Passacaglia og fuge i c-moll (BWV 582) er eit orgelstykke av Johann Sebastian Bach. Det vart visstnok komponert tidleg i karrieren hans og er ein av dei mest kjende verka hans. Verket påverka mange passacagliaer på 1800- og 1900-talet:Silbiger, Grove. Robert Schumann skildra variasjonane i passacagliaen som «fletta saman så genialt at ein aldri sluttar å forbause seg».Hans Theodore David, Arthur Mendel, Christoph Wolff. The New Bach Reader: A Life of Johann Sebastian Bach in Letters and Documents, 503. W.W. Norton, 1998. ISBN 0-393-31956-3

Generell informasjon Det signerte manuskriptet av BWV 582 vert i dag rekna for tap. Verket, som er typisk for Bach og hans samtidige komponistar, er velkjend gjennom mange kopiar. Ein har funne nokre bevis som tyder på at orginalen vart notert i orgeltabulatur.Williams, 182. Ein kjenner ikkje til nøyaktig kva tid Bach komponerte verket, men i perioden mellom 1706 og 1713 er mest truleg. Han vart kanskje komponerte i Arnstadt like etter Bach kom attende frå LübeckWolff, 94. (der han kan ha studert Buxtehude sine ostinatoverk).

Den første halvdelen av ostinatoen i passacagliaen, som òg fungerer som hovudtemaet i fugen, vart truleg teken frå eit kort verk av den franske komponisten André Raison, Christe: Trio en passacaille frå Messe du deuxieme ton i Premier livre d'orgue.Williams, 183.Butler, Grove. Det er mogeleg at den andre halvdelen av ostinatoen òg var frå Raison, basslinja Christe: Trio en chaconne frå Messe du sixieme ton i den same publikasjonen er særs lik. Sjå Døme 1 for temaa til Bach og Raison. center|mini|700px|Døme 1. Ostinatoen frå Bachs passacaglia er vist i midten, og temaet til Raison er vist over (Christe: Trio en passacaille) og under (Christe: Trio en chaconne). Sjølv om Trio en chaconne ikkje er identisk med temaet til Bach, har han liknande oppbygging og det same kvint-fallet på slutten.

Somme musikkforskarar meiner Raison ikkje påverka Bach her. Verket til Bach deler dei same trekka som andre nordtyske ostinato-verk, mellom anna Buxtehude sine to chaconner (BuxWV 159–160) og ein passacaglia (BuxWV 161) og det er ein klår påverknad frå Pachelbels chaconner i fleire variasjonar og i den heilskaplege strukturen.Williams, 184–5.

I populærkultur Eit arrangement av delar av passacagliaen kan høyrast to gonger i Dåpssekvensen i filmen Gudfaren, i lag med andre orgelstykke og slutten av preludiumet frå BWV 532, som avsluttar sekvensen. Ei orkesterutgåve av passacaglia vert spelt i opninga av fimlen White Nights frå 1985 der Mikhail Barysjnikov framførerer balletten Le Jeune Homme Et La Mort. Ein liten del av ein pianotranskribsjon vert spelt i Life Aquatic with Steve Zissou, framført av Angela Hewitt. Ei jazztolking av BWV 582 vart innspelt av fløytisten Hubert Laws for konsertalbumet hans Carnegie Hall i 1973 (CTI Records). Studioutgåve av denne finst på albumet Afro-Classic frå 1970. Passacagliaen finst på Robert Fripp-albumet The Bridge Between.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Passacaglia and Fugue in C minor, BWV 582» frå , den 25. april 2010. oppgav desse kjeldene: Peter F. Williams. The Orgel Music of J. S. Bach. Cambridge University Press, 2003. ISBN 0-521-81416-2 Christoph Wolff. Johann Sebastian Bach: The Learned Musician. Oxford University Press, 2000. ISBN 0-19-924884-2 Yoshitake Kobayashi. The varietion principle in J. S. Bach's Passacaglia in C-moll BWV 582, in: Daniel R. Melamed (ed.) Bach Studies 2. Cambridge University Press, 1995. ISBN 0-521-47067-6

Marie-Claire Alain - sleeve notes for CD recording Bach: Complete Orgel Works vol.14. Erato, 1993. Cat. 4509-96747-2, (originally in French, translated by Stewart Spencer)

Referansar

Bakgrunnsstoff Tim Smith's interaktiv hypermediastudie av BWV 582 med analyse av Smith, Parsons og framført av James Pressler (krev Shockwave)

Notar og MIDI-fil på Mutopia Project In the BBC Discovering Music: Listening Library

Kategori:Orgelverk av Johann Sebastian Bach