Jacob Nielsen () var ein norsk forretningsmann og stortingsmann.

Nielsen var fødd i Kristiania, der faren var handelsagent. 1786-87 var han utanlands for å lære seg handel. I åra frå 1797 til 1805 var han tilsett på kontoret til rikaste mannen i Noreg, Bernt Anker. Då Anker døydde i 1805 vart Nielsen hovudstyrar i "Det Ankerske fideikommis", ein posisjon han hadde til fideikomisset gjekk konkurs i 1819.

Nielsen var agent med rang av justisråd frå 1808. Perioden 1810-12 ytte han lån til statskassa.

16. februar 1814 deltok Nielsen på stormannsmøtet på Eidsvoll. På det overordentlege stortinget hausten 1814 var han 2. representant for Kristiania. 1814-18 var han meddirektør (styremedlem) i riksbanken.

Nielsen døydde på garden sin Skansgården i Vinger i 1822.

Jacob Nielsen var far til telegrafdirektør Carsten Tank Nielsen og farfar til historikaren Yngvar Nielsen.

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, samt tillæg. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø samt tillæg digital utgåve side 632

Kategori:Stormannsmøtet på Eidsvoll Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Politikarar frå Oslo