Englische Suiten, BWV 806–811 («Engelske suitar») er ei samling av seks suitar komponert av Johann Sebastian Bach for cembalo. Dei vert generelt rekna for å vere dei tidlegare av dei 19 suitane Bach skreiv for klaver. Dei andre er seks Französische Suiten (franske suitar), BWV 812-817, seks partitaer, BWV 825-830 og Ouverture i fransk stil, BWV 831.
Historie Desse seks suitane for klaver meiner ein er dei første Bach komponerte. Opphavleg trudde ein dette var mellom 1718 og 1720, men nyare forsking har vist at dei truleg vart komponert tidlegare, rundt 1715, då komponisten budde i Weimar.
Bach sine engelske suitar syner mindre likskap med den engelske barokke klaverstilen enn dei franske suitane gjer til den franske barokke klaverstilen. Namnet «engelsk» trur ein kjem frå påstanden til Bach-biografen Johann Nikolaus Forkel på 1800-talet om at desse verka kan ha vorte komponert for ein engelsk adelsmann. Det finst ingenting som tyder på dette. Det har òg vorte foreslått at namnet er ei hyllest til Charles Dieupart, som var mest kjend i England. Han skreiv Six Suittes de clavessin som dei Bach sine engelske suitar delvis var baserte på.Grove's Dictionary of Music og Musicians, 5. utg., 1954, Eric Blom, ed.
Dei seks engelske suitane
Første suite i A-dur, BWV 806 Preludium, Allemande, Courante I, Courante II, Sarabande, Bourrée I, Bourrée II, Gige Andre suite i a-moll, BWV 807 Preludium, Allemande, Courante, Sarabande, Bourrée I, Bourrée II, Gige Tredje suite i g-moll, BWV 808 Preludium, Allemande, Courante, Sarabande, Gavotte I, Gavotte II, Gige Fjerde suite i F-dur, BWV 809 Preludium, Allemande, Courante, Sarabande, Menuett I, Menuett II, Gige Femte suite i e-moll, BWV 810 Preludium, Allemande, Courante, Sarabande, Passepied I, Passepied II, Gige Sjette suite i d-moll, BWV 811 Preludium, Allemande, Courante, Sarabande, Gavotte I, Gavotte II, Gige
Kjelder Denne artikkelen bygger på «English Suites, BWV 806-811» frå , den 25. april 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Suitar av Johann Sebastian Bach Kategori:Cembaloverk