Andreas Mathias Sanne () var ein norsk jurist, embetsmann og politikar.

Sanne var fødd i Molde. Han var kontorist hos sorenskrivaren i Romsdal i ei ti års tid. I 1834 vart han eksaminert jurist, og året etter sorenskrivarfullmektig i Bamble i Telemark. 1836-39 hadde tilsvarande stilling i Romsdal. Frå 1844 var han undrerretsprokurator i Ålesund. Han var medlem av bystyret i Ålesund 1845-51, ordførar eit par år. Frå 1846 var han med i leiinga av 'Aalesunds Sparebank', direksjonsformann frå 1868.

Sanne representerte Ålesund og Molde på Stortinget 1851 og på nytt i 1854. Sekretær i desisjonskomiteen (nemnda som kontrollerte riksrevisjonen) 1851, formann i same 1854.

Han døydde i Ålesund.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Folk frå Molde Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856