Hans Jørgen Reutz Synnestvedt () var ein offiser, vegmeister og stortingsmann.
Synnestvedt var fødd i Norddal, der faren som var offiser dreiv gard. Han var ei tid pasje ved hoffet i København. Sidan steig han i gradene til kaptein og vart utnemnd til vegmeister for både Romsdals amt og Søndre Trondhjems amt. Han kjøpte garden Årø i Bolsøy i 1809, og budde der sidan. År 1827 vart Synnestvedt land- og sjøkrigskommissær for Trondheim.
Synnestvedt var 1. representant frå Romsdals amt på Stortinget 1815-16. Han var medlem av ti komitear, mellom anna av komiteen for geografisk oppmåling og komiteen som forhandla om matrikkellova.
Han døydde på Hopsøya i Hitra medan han var på embetsreise.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske offiserar Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Folk frå Norddal