Jon Jørgensen Reitan () var ein norsk lærar, gardbrukar og politikar frå Ålen i Sør-Trøndelag. Aktiv opplysningsmann. Anders Jørgensen Reitan var bror hans.

Reitan var fødd på Nesvollgrubben i Ålen, far hans vart så gardbrukar på Reitan og attåt stiger ved Ålens koparverk. Reitan vart seminarist frå Klæbu seminar i 1859. Han dreiv farsgarden Reitan og var lærar i Ålen frå 1862 til 1888. Ordførar i heradstyret i Ålen i perioden 1863-97. I tillegg til desse omboda var han forlikskommissær i over 40 år. Han stifta 'Aalens sogneselskap' og var formann i selskapet til han døydde, etter over 40 år i leiinga.

Reitan representerte Søndre Trondhjems amt på Stortinget 1883-88. I perioden 1883-85 var han medlem av Lagtinget og næringskomite nr 2. I den andre perioden 1886-88, var han medlem i vegkomiten og i Lagtinget.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar for Søndre Trondhjems amt Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Holtålen