Jean Edith Camilla Läckberg () er ein svensk forfattar.

Ho er utdanna siviløkonom og bur med mannen sin og tre born i Enskede. Kriminalromanane til Läckberg er lagde til Fjällbacka i Bohuslän, der forfattaren sjølv voks opp. Gjennomgangspersonane er forfattaren Erica Falck og politimannen Patrik Hedström, med Hedström sine kollegaer ved Tanumshede politistasjon i biroller. Romanane Isprinsessan og Predikanten er filmatiserte av Sveriges Television, og er også viste på NRK.

Fleire av bøkene til Läckberg har toppa bestseljarlista i heimlandet. Ho har selt over ein million eksemplar berre i Sverige, og er omsett til fleire språk.

Bibliografi Isprinsessan (2002) Predikanten (2004) Stenhuggaren (2005) Olycksfågeln (2006) Tyskungen (2007) Smaker från Fjällbacka – kokebok (2008) Sjöjungfrun (2008) Fyrvaktaren (2009)

Prisar og utmerkingar (Utval) Folkets litteraturpris (svensk) 2006 SKTFs pris-årets forfatter (svensk) 2005 Silverpocket (svensk) 2005, for Isprinsessan

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Camilla Läckberg Deckarmamma – bloggen til Camilla Läckberg Intervju på TV4 Gyldendal si forfattarside om henne

Kategori:Svenske forfattarar kategori:Svenske kriminalforfattarar Kategori:Folk frå Tanums kommun