Adama Tamboura () er ein malisk fotballspelar. Han har spela i forsvar for Metz i den nesthøgste divisjonen i den franske fotballigaen og for landslaget til Mali.

Tamboura begynte fotballkarrieren sin i klubben Djoliba i Mali. 22. august 2006 vart han lånt ut for tre månader til Helsingborg i Sverige. Då låneperioden gjekk ut, skreiv han under på ein treårskontrakt hjå Helsingborg. Etter at denne kontrakten gjekk ut, gjekk han til Metz i fransk Ligue 2, 28. januar 2010.

Tamboura var med på Mali sitt lag i sommar-OL i 2004, då laget kom til kvartfinalen. Han var i troppen til Mali i Afrikameisterskapen i 2008 og 2010. Han spelte alle Mali sine tre kampar i 2010.

Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå Engelsk Wikipedia 10. mai 2010.

Kategori:Maliske fotballspelarar Kategori:Helsingborg-spelarar Kategori:Metz-spelarar