Brett Holman () er ein australsk fotballspelar som har spelt for AZ i den nederlandske toppdivisjonen, Eredivisie, og for det australske landslaget.

Han har spelt for ymse klubbar i Nederland sidan 2002. I 2008 gjekk han til AZ frå NEC for 3 millionar euro. Han spelte i 16 seriekampar, frå start eller som innbytar, då AZ vart seriemeistrar i Nederland i 2009.

Holman debuterte for Australia sitt A-landslag 22. februar 2006 i ein kamp mot Bahrain.

Kategori:Australske fotballspelarar Kategori:Feyenoord-spelarar Kategori:Excelsior-spelarar Kategori:NEC-spelarar Kategori:AZ-spelarar