Omleiringa av Almeida fann stad i august 1762 då ein spansk styrke omleira og erobra byen Almeida frå portugisarane under sjuårskrigen. Byen vart teken den 25. august som ein del av den spanske invasjonen av Portugal under Conte De Aranda.Dull s.222
Styrken som erobra Almeida var ein del av ein spansk storoffensiv for å ta Portugal. Ein knipetangmanøver i nord invaderte Portugal frå Galicia og kryssa Douro og truga Porto, medan ein sørleg styrke kryssa grensa frå Ciudad Rodrigo og gjekk mot den portugisiske festninga i Almeida. Ho vart erobra etter ei ni dagar lang omleiringJaques s.37, men ein ny spansk framrykking vart stoppa av 8000 britiske soldatar då dei skar av dei spanske forsyningslinjene i slaget ved Valencia de Alcántara.
Aranda sette opp ein garnison i Almeida, men festninga var berre i spanske hender fram til slutten av krigen. Ho vart då gjeven attende til portugisarane etter Paris-trakteten i byte for Cuba og Filippinane til Spania frå britane.Petrie s.111
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Siege of Almeida (1762)» frå , den 4. juni 2010. oppgav desse kjeldene: Brown, Peter Douglas. William Pitt, Earl of Chatham: The Great Commoner. George Allen & Unwin, 1978. Dull, Jonathan R. The French Navy and the Seven Years War. University of Nebraska, 2005. Jaques, Tony. Dictionary of Battles and Sieges. Greenwood Press, 2007. Petrie, Sir Charles. King Charles III of Spain. Constable, 1971.
Kategori:Spanske omleiringar Kategori:Portugisiske slag Kategori:Slag i sjuårskrigen Kategori:Hendingar i 1762