Henrik Leganger () var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Eigersund. Rasmus Leganger var ein eldre bror.
Leganger var son av ein skipper og handelsmann i Eigersund. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1811. Dei neste tre åra var han tilsett på kontoret hos politimeisteren i Bergen. Frå 1814 var han 2. rådmann i Bergen fram til 1825, då han vart rådmann og auksjonsforvaltar i byen. Deretter var han i lang tid, 1831-63, sorenskrivar i søndre Hedmark.
I 1824 var Leganger 1. representant frå Bergen på Stortinget. Han var sekretær i justiskomiteen og medlem av komiteen om handel og næringsfridom. Grunna sjukdom var han permittert frå 13. mai.
Leganger døydde i Kristiania i 1874.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Eigersund