Høgskuleingeniør er i Noreg ei yrkesgruppe som har studert teknikk i 3 år ved universitet eller høgskule.

Kvalitetsreforma for høgare utdanning innførte nye gradsnemningar, mellom anna bachelorgrad, med verknad frå 1. januar 2003, og oppheva lovvernet av grada høgskuleingeniør. Bachelor i ingeniørfag blei innført som tilrådd ny gradsnemning frå same dato. Frå 27. november 2009 er tittelen igjen verna.

For å bli Bachelor i ingeniørfag må ein ha 3MX og 2FY i tillegg til generell studiekompetanse, eller ta eit 1-årig forkurs for ingeniørutdanning, eller ta ein såkalla tresemesterordning med sommarkurs i matematikk og fysikk før ein startar på studiet.

Normalt kan ein studere til Bachelor i ingeniørfag ved ein av dei statlege regionale høgskulane som tilbyr ingeniørstudiar eller ved Forsvarets ingeniørhøgskole, eller ved å velje ingeniørlinene ved Krigsskulen eller Sjøkrigsskulen.

Sjå også Bachelor i ingeniørfag Ingeniør Sivilingeniør

Bakgrunnsstoff Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Høgskuleingeniør» frå , den 8. juni 2010.

Fotnotar

Kategori:Utdanning Kategori:Teknikk