Sergio Busquets Burgos () er ein spansk fotballspelar som har spela på midtbanen for Barcelona i Primera Division og for det spanske landslaget. Han har òg kampar for det katalanske landslaget. Busquets vart seriemeister i Spania med Barcelona i 2009, 2010, 2011 og 2013, var med på å vinna den europeiske Meisterligaen i 2009 og 2011 og VM for klubblag i 2009 og 2011. I 2009 vart han òg kåra til "årets gjennombrot" i den spanske ligaen. Han debuterte for Spania sitt A-landslag 1. april 2009 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Tyrkia. I fotball-VM i 2010 spelte han alle Spania sine kampar då dei vart verdsmeistrar, og i 2012 spelte han igjen alle Spania sine kampar då dei vann EM i fotball.
Kategori:Spanske fotballspelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018