United Methodist Church er det største metodistiske kyrkesamfunnet i verda, og har over 11 millionar medlemmer. Kyrkjesamfunnet blei grunnlagd i USA og har kyrkjer fleire stader i verda, mellom anna i Skandinavia. United Methodist Church er representert i World Methodist Council.

Historie venstre|mini|Statue av John Wesley i Savannah i Georgia, der han var misjonær. Rørsla som skulle bli til Den sameinte metodistiske kyrkja byrja på midten av 1700-talet innan Den engelske kyrkja. Ei lita gruppe studentar, blant dei John Wesley, Charles Wesley og George Whitefield, møttest på Universitetet i Oxford. Dei fokuserte på å studera Bibelen og å studera dei heilage skriftene på ein metodisk måte, og å leva heilage liv. Andre studentar håna dei som «Holy Club» og «The Methodists», fordi dei var metodiske og særs detaljerte i studiane, syna og den disiplinerte livsstilen sin. Til slutt starta desse såkalla metodistane særskilde grupper eller kurs for medlemmar av den engelske kyrkja som ville leva eit meir religiøst liv.

I 1735 drog John og Charles Wesley til Amerika, i håp om å undervisa urfolk i kolonien Georgia om det kristne evangeliet. I staden blei John prest ved Christ Church i Savannah. Preikinga hans var legalistisk og full av strenge reglar, og kyrkjelyden avviste han. Etter to år i Amerika drog Wesley tilbake til England, deprimert og forvirra. Då han la ut på reisa si til til Amerika var han blitt imponert over trua til dei tyske moraviarane ombord. Etter å ha kome tilbake til England var han ei tid i lag med Peter Böhler, ein tysk moraviar på veg gjennom England som trudde at ein person kunne frelsast berre gjennom Guds nåde, ikkje gjennom gjerningar. John hadde mange samtalar med Böhler om dette emnet. 25. mai 1738 kom John fram til det same synet, etter å ha høyrt ei lesing av Martin Luther sitt forord til Paulus’ brev til romarane. For fyrste gong i livet følte han fred og tryggleik om frelse. mini|Barratt's Chapel, bygd i 1780, er den eldste metodistkyrkja i USA bygd for dette formålet. Kyrkja var ein møteplass for Asbury og Coke. Den engelske predikanten Francis Asbury kom til Amerika i 1771. Han reiste vidt rundt i området, på same måten som han hadde gjort som forkynnar i England. Den fyrste offisielle organiseringa av kyrkja i USA skjedde i Baltimore i Maryland, i 1784, med danninga av Methodist Episcopal Church under Christmas Conference med Francis Asbury og Thomas Coke som leiarar.

venstre|mini|Ordineringa av biskop Francis Asbury utført av biskop Thomas Coke på konferansen som skipa Methodist Episcopal Church i 1784. Sjølv om John Wesley opphavleg hadde ønska at metodistar skulle halda fram som del av den engelske kyrkja, skilde den amerikanske revolusjonen metodistane i dei amerikanske koloniane frå livet og sakramenta i denne kyrkja. Etter fleire mislykka forsøk på å få den engelske kyrkja til å sende ein biskop for å starta ein ny kyrkje i koloniane, valde Wesley i 1784 å utnemna Thomas Coke til superintendent (liknande ein biskop) for å organisera ei metodistforeining. Wesley sende Coke saman med The Sunday Service of the Methodists, den fyrste liturgiske teksten innan metodismen, og trusdoktrinen Articles of Religion, til USA: Dei blei mottekne og vedtekne av Christmas Conference i Baltimore i 1784, noko som formelt skipa den Methodist Episcopal Church. Konferansen blei halden i Lovely Lane Methodist Church, som blir sett på som morkyrkja til amerikansk metodisme.

Den nye kyrkja voks raskt i det unge landet ved hjelp av omreisande forkynnarar, mange av dei lekfolk, som reid gjennom landsbygda for å forkynna og oppretta kyrkjelydar. Med 4 000 omreisande predikantar i 1844 blei Methodist Episcopal Church raskt den største protestantiske kyrkja i landet.

Richard Allen og Absalom Jones blei dei fyrste afroamerikanarane til å bli ordinerte av den metodistiske kyrkja. Dei blei utnemnde av Saint George's Church i 1784. Tre år seinare, i protest mot raseskilje i gudstenester, leia Allen dei fleste av dei svarte medlemmene ut av St. George's. Dei grunnla Mother Bethel A.M.E. Church og African Methodist Episcopal Church.

Sidan 1784 har metodismen i USA, som mange andre protestantiske kyrkjesamfunn, gått gjennom fleire splittingar og sameiningar. I 1830 blei Methodist Protestant Church skild ut frå Methodist Episcopal Church på grunn av spørsmålet om lekfolk skulle ha ei røyst og kunne stemma i administrasjonen av kyrkja, og insisterte på at prestane ikkje skulle vera dei einaste som hadde noko å seia om korleis kyrkja skulle drivast. I 1844 blei den generelle konferansen til Methodist Episcopal Church delt i to på grunn av spenning over slaveri og makta til biskopane i kyrkjesamfunnet.

Dei to generalkonferansane, Methodist Episcopal Church (den nordlege fraksjonen) og Methodist Epis Episcopal Church, South, blei verande skilde fram til 1939. Dette året gjekk dei nordlege og sørlege metodistiske episkopalkyrkjene og det meste av Methodist Protestant Church saman for å skapa The Methodist Church. Konferansen som sameinte dei fann stad i First Methodist Church (no First United Methodist Church) i Marion i Indiana.

23. april 1968 blei United Methodist Church oppretta då Evangelical United Brethren Church, med mennonittiske og kalvinistiske røter, og The Methodist Church gjekk saman på generalkonferansen i Dallas i Texas.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «United Methodist Church» frå , den 5. november 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Metodisme Kategori:Skipingar i 1784 Kategori:Skipingar i 1968