Ole Berg () var ein norsk prest og stortingsmann.

Berg var fødd i Våler i Østfold, der far hans var prest. Sjølv vart han student i 1811. I 1819 vart han cand. jur. og i 1827 cand. theol. Sakførar var han i tre år. Etter han hadde studert teologi var han sokneprest i Evje 1828-40. Derettet var han i lang tid, 1840-70, sokneprest i Frosta.

Berg vart vald til 1. varamann for Nedenes og Råbyggelagets amt til Stortinget, både for 1836 og for 1839. I 1839 møtte han på Stortinget, i staden for ein sjuk Jacob Aall. Han var medlem av Lagtinget og av justiskomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Våler i Østfold