Nicolás Andrés Burdisso () er ein argentinsk fotballspelar som har spela i forsvar for Inter i italiensk Serie A, og på Argentina sitt landslag. Han har vunne to seriemeisterskap i Argentina med Boca Juniors og tre gonger Copa Libertadores med same klubben. I Italia vart han seriemeister med Inter fire år på rad, frå 2006 til 2009. Han var med på å vinna gull i sommar-OL i 2004 med Argentina. Han debuterte for Argentina sitt A-landslag 31. januar 2003 mot Honduras.

Kategori:Argentinske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Inter-spelarar Kategori:Roma-spelarar