Ciudad Juárez eller berre Juárez er hovudstaden og største byen i den meksikanske delstaten Chihuahua. Byen ligg ved elva Rio Bravo/Grande, grensa til USA, tvers ovanfor den amerikanske byen El Paso. Ciudad Juárez har eit folketal på 1 400 891 og arealet er 188 km². Juárez vart grunnlagd av spanjolar i 1659.

Som grenseby er Juárez senter for ulovlege operasjonar som smugling av menneske og narkotika. Han er også kjend for særs høge drapstal, og er blitt kalla den farlegaste staden i verda. I 2008 fann over 1 600 drap stad i Juárez, i 2009 steig det til 2 600.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ciudad Juárez» frå , den 3. juli 2010.

Ciudad Juárez, Mexico: The world's most dangerous place? i thestar.com

Bakgrunnsstoff www.juarez.gob.mx

Kategori:Byar i Mexico Kategori:Chihuahua