Fjellmarikåpe (Alchemilla alpina) er ei fleirårig plante i rosefamilien som har ei amfi-atlantisk utbreiing.
Planta vert om lag 10 cm høg, og har 5-7-kopla blad som er snaue ovanpå og glinsande silkehåra under. Ho har gulgrøne blomstrar på korte skaft. Fjellmarikåpe blømer kring juni i heiar, enger og snøleger til fjells og ikkje sjeldan i låglandet i mest heile Noreg. Arten er funnen opp til 1760 m i Jotunheimen.
Som hos alle marikåper forplantar også fjellmarikåpa seg ukjønna. Medan dei andre marikåpeartane i Norden står kvarandre svært nær skil fjellmarikåpa seg klart frå desse.
Kjelder Tysk wikipedia. Svensk wikipedia. Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Rosefamilien