Eigerøy bru er ei bru over Nysund mellom Eigerøya og fastlandet i Eigersund kommune i Rogaland. Brua er 260 meter lang, med 40 meter midtspenn og 23,75 meter seglingshøgde. Riksveg 502 går over brua, som gjev innbyggarane på Eigerøya vegsamband med Egersund. Den vart opna av kronprins Olav i 1951. Det har vore tatt til orde for at brua bør utvidast, på grunn av større trafikk, spesielt til industriområda på Søre Eigerøya.Dalane Tidende, leiarartikkel: Ny bru? (8. juni 2007)
Kjelder
Bakgrunnsstoff Stavanger Aftenblad: Film om Eigerøy bru fra 1951 funnet. (4. august 2008)
Kategori:Vegbruer i Rogaland Kategori:Bjelkebruer Kategori:Betongbruer Kategori:Vegar i Eigersund Kategori:Bruer opna i 1951 Kategori:1951 i Noreg