mini|Ulike tremateriale. Øvst er røter frå bartre. Ei tåg (norrønt tág), fleirtal tæger med tonelag 1, er ei lang, tynn, jamtjukk grein av ei trerot. Sidan tæger er mjuke og smidige, har dei vorte brukte til ulike bindingsarbeid. Den vanlegaste bruken har vore tågbinding. Ved hjelp av tradisjonsrik bindeteknikk lagar ein øskjer, fat og korger av ulike slag, som til dømes osteformer, ullkorger, såkorger og hæresåld.
Ei ljåtåg har vore mykje brukt til å binde ljåen til orvet. Tåga er både lett og passeleg elastisk. Sveipte korger har vorte samansydde med tæger. Tæger har òg vorte brukte til å lappe sko og lage trinser på skistavar.
Det har vore vanlegast å bruke bjørkerøter, ofte dvergbjørk, til tæger. Røter av andre tre og buskar, som gran, einer, selje og vier, har og vorte nytta.
Beste tægene finn ein i mosemark med lite næring. Ofte drog ein til fjells for å finne gode tæger. Tægene vart reinska for bork og never, og vart ofte kløyvde. Turre tæger vart bløytte før bruk.
Kjelder
Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon. (Universitetsforlaget, 1975.) (s. 39–43) Jan Henrik Munksgaard: Kurver (C.Huitfeldt Forlag 1980) Arvid Walla: Vi binder med tæger - En gammel teknikk (Ernst G. Mortensens Forlag, Oslo 1968)
Kategori:Planteprodukt Kategori:Røter