Symfoni nr. 2 i C-dur, Hoboken I/2, av Joseph Haydn meiner ein vart skriven ein gong mellom 1757 og 1761.
Han er instrumentert for to oboar, fagott, to valthorn, strykarar og continuo.H. C. Robbins Landon, The Symphonies of Joseph Haydn. London: Universal Edition & Rockliff (1955): 616. "2 ob., 2 cor., str., [ fag., cemb. ]" Som mange av dei tidlegaste symfoniane til Haydn og andre komponistar på denne tida, er han i tre satsar:
Allegro, 2/2 Andante i G-dur, 2/4 Presto, 3/8
I den andre satsen er blåseinstrumenta utelatne og fiolinane speler i sekstandedelsnotar frå start til slutt der mønsteret stadig vert broten ved hjelp av triolar.HC Robbins Landon, Haydn: Chronicle og Works, 5 vols, (Bloomington og London: Indiana University Press, 1976-) v. 1, Haydn: the Early Years, 1732-1765 Partiet for bratsjane i denne langsame satsen er fantasilaus, sidan dei følgjer basspartiet heile vegen(Landon, 1955): 203 (t.d., «col basso», som var vanleg i denne perioden). Den siste satsen er «det første forsøkt til Haydn på ein symfonisk rondo»William E. Grim, Haydn's Sturm und Drang Symphonies: Form og Meaning. Lewiston: The Edwin Mellen Press (1990): 95 Han er den einaste av symfoniane til Haydn som ikkje inneheld gjentakingsteiknHodgson, Antony, "The Music of Joseph Haydn: The Symphonies", s. 47. Det er òg ein av dei kortaste symfoniane hans, og framføringane varer vanlegvis mindre enn ti minuttar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 2 (Haydn)» frå , den 30. juli 2010. oppgav desse kjeldene:
Symfoni 002