mini|portrett=1.5|Eit britisk Lee Enfield-gevær Gevær er eit tohands skytevåpen med langt løp berekna for langhaldsskyting (til dømes over 100 meter). Gevær kan anten ha glattbora løp (til dømes haglegevær) eller rifla løp (til dømes riflegevær).
Opphav Ordet gevær kjem av det tyske ordet «gewehr» i tydinga verje, ei nemning på eit våpen nytta av den einskilde soldat. Nemninga indikerte ikkje kva for våpentype det gjaldt. Tidlegare kan ein ha meint «sidegevær», som kårde, sabel og liknande eller «kortgevær». Dei første handhaldne kanonane som var opphavet for arkebusen tok til å dukke opp alt på 1200-talet. Frå midten av 1400-talet vart desse utforma slik at vi no kan kalle desse dei første gevær; med tenningslås, kolbe og løp.History Channel - Tales Of The Gun: Early Guns Dei blei nytta fram til førstninga av 1600-talet. Den vart erstatta av musketten som vart nytta frå 1500-talet og fram til dei vart erstatta av rifla på midten av 1800-talet.
Gevær i Noreg Ein veit ikkje visst når gevær første gongen vart fyrt av i Noreg, men ein veit at gevær var mellom våpena då sjørøvaren Bartolomeus Voet plyndra Bergen i 1429.
Det mest kjente norske geværet er Krag-Jørgensen M/1894, som var standardgevær i det norske forsvaret frå 1894 fram til andre verdskrig. Forløparen var Jarmann M/1884, som òg var norsk.
Typar Ein har i dag desse typane gevær: Glattbora gevær (gevær utan løpsrifling) Rifle (gevær med løpsrifling) Karabin (kort gevær) Haglegevær (grovkalibra gevær som skyt hagl) Automatgevær (rifle med heilautomatisk eld) Maskingevær (tyngre automatgevær)
Maskinpistol blir ikkje rekna som eit gevær, heller ikkje en pistol, men som ein eigen klasse imellom desse.
Bruk Gevær kan nyttast til jakt, skytesport og militært bruk. Til jakt og sportsskyting nyttar ein repetergevær eller halvautomatisk gevær, fordi heilautomatiske skytevåpen er forbode til alt anna enn militær bruk. Halvautomatiske gevær med militært utsjånad er òg forbodne til jakt, ifølge våpenlova.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gevær» frå , den 11. august 2010.
Kategori:Jaktvåpen Kategori:Skytevåpen Kategori:Tyske ord og uttrykk