Kirsebær (Prunus cerasus), òg kjent som surkirsebær (Prunus vulgaris, Mill.) er ei steinfrukt i kirsebærslekta. I same familie finn ein òg hegg og morell (Prunus avium). Det er ikkje fagleg semje om kirsebær er opphavleg viltveksande eller innført av menneske til Noreg.
Kirsebæret er i motsetning til morellen ikkje ei spesielt søt frukt. Kirsebæret har ein bitrare smak og nyttast ofte i likørar. Kirsebær veks vilt både i Europa og Asia. I Noreg blir det dyrka det mest kirsebær i Buskerud.http://www.ssb.no/jt1999/arkiv/tab-2000-05-30-08.html Den totale produksjonen av kirsebær var i 2009 på 357 tonn. Til samanlikning vart det dyrka 960 tonn moreller og 13 769 tonn eple.http://www.ssb.no/emner/10/04/10/hagebruk/tab-2010-03-24-01.html
Kirsebær i Noreg Skyggekirsebær
Referansar
Bakgrunnsstoff
Les meir om kirsebær på Treveven
Kategori:Kirsebærslekta Kategori:Frukt