Loch Ken er ein 14 km lang innsjø i Dumfries and Galloway i Skottland. Han ligg i Glenkens, der han får vatn frå nord frå Water of Ken og frå vest frå Dee. Vatnet renn vidare som Dee sørover til Glenlochar.

Av landsbyar rundt Loch Ken finn ein Glenlochar i sør, Lauriston og Mossdale på vestsida, og Crossmichael og Parton i aust. Landsbyen New Galloway ligg 1,5 km lenger nord. Soknekyrkja Balmaghie ligg òg ved innsjøen.

Loch Ken vert nytta til vassport og fiske.

Ein jernbaneviadukt kryssar innsjøen ved Boat o' Rhone, men er ikkje lenger i bruk.

Loch Ken og River Dee Marshes vart erklært som ein Ramsarstad i 1992.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Loch Ken» frå , den 18. august 2010.

Bakgrunnsstoff The Loch Ken Holiday Park The Galloway Sailing Centre Loch Ken Water Ski School

Ken Kategori:Ramsarstader i Skottland