José Manuel Reina Páez, også kjend som Pepe Reina () er ein spansk fotballspelar som er målvakt. Han har spela som keeper for det spanske landslaget, Liverpool og AC Milan.
Reina var med på å vinna FA-cupen med Liverpool i 2006. Han var den keeperen som spelte flest kampar i Premier League utan å sleppa inn mål i både 2005/06-, 2006/07-, 2007/08- og 2009/10-sesongen og vart kåra til årets spelar i Liverpool i 2010. I 2014 vart han cupmeister i Italia med Napoli, der han spelte på lån frå Liverpool.
I 1999 var Reina med på å vinna U17-EM med Spania. Han debuterte for A-landslaget 17. august 2005 i ein privatlandskamp mot Uruguay. Sidan då har han stort sett vore andrekeeperen til Spania, som reserve for Iker Casillas. Han spelte ein av kampane då Spania vart europameistrar i 2008. I fotball-VM i 2010 var han med i troppen, men spelte ingen kampar då Spania vart verdsmeistrar. I 2012-EM var han igjen ubrukt reserve då Spania vart europameister for andre gong på rad.
Kategori:Spanske fotballspelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Villarreal-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018 Kategori:Målvakter i fotball