Reinfann er ein art i korgplantefamilien. Planta er utbreidd i Europa og Asia. Reinfann er kring 80 cm høg, med ein stiv trehard stengel, som ofte er noko raudfarga. Han har krypande jordstengel. Blomane er gullgule korger i halvskjerm. Dei har sterk aromatisk lukt. Planten blømer kring august månad i skogkantar, vegkantar og i ur. Han finst over heile Noreg, og er funnen opp til 1160 m i Oppdal.

Kjelder Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Denne artikkelen bygger på «Renfana» frå , den 22. august 2010.

Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Korgplantefamilien Kategori:Giftige plantar