Knut Johannes Hougen () var ein norsk skulemann og politikar for Venstre. Han var fødd i Kragerø, der faren var klokkar og skulestyrar.
Han hadde examen artium frå 1873, og vart cand. real. i 1879. Hougen var 1876-80 lærar ved Gjertsens skole, adjunkt ved Kristiansands skole frå 1880, styrar ved Kristiansands tekniske aftenskole med handelsskule 1885-1908 og overlærar ved Kristiansands skole frå 1900. Han var så ekspedisjonssjef ved Kyrkje- og undervisningsdepartementet si skuleavdeling i 1908 og 1910-27.
Hougen var medlem av Kristiansand bystyre 1897-1901, og stortingsmann for bykrinsen Kristiansand 1900-09. 1903-06 var han medlem av protokollkomitéen, 1904-06 medlem og 1907-09 nestformann i budsjettkomiteen. I 1905 var han medlem av spesialkomiteen.
Hougen var kyrkje- og undervisningsminister i Gunnar Knudsens fyrste regjering frå 8. juli 1909 til 1. februar 1910.
Frå 1928 til -33 var Hougen styreformann i Kringkastingsselskapet, ein forløpar til NRK.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff Knut Johannes Hougen i Norsk biografisk leksikon Knut Johannes Hougen hos Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste
Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Knudsen I Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kristiansand Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Folk frå Kragerø