Loch Morar (skotsk-gælisk Loch Mhòrair) er ein innsjø i Morar i Lochaber i Highland i Skottland. Han er den femte største innsjøen i Skottland, med eit overflateareal på 26,7 km², og han er den djupaste innsjøen på Dei britiske øyane med ei største djupne på 310 m.Gazetteer for Scotland Morar, Loch

Loch Morar er skapt av isbrear og sidene rundt innsjøen er bratte fjellsider. Innsjøen er 19 km lang og det ligg fem større øyar i han.

Sjølv om vegen langs innsjøen ikkje strekkjer seg meir enn nokre kilometer langs nordsida, var begge sidene av innsjøen busette til ut på tidleg på 1900-talet.

Som med Loch Ness er det rapportert om uidentifiserte skapningar i innsjøen. Monsteret vart kalla Morag av dei lokale.Campbell, Elizabeth Montgomery & David Solomon, The Search for Morag (Tom Stacey 1972) ISBN 085468 093 4

Loch Morar var ein gong kjend som eit godt laks- og aurevatn, men som med dei fleste andre ferskvassystem nordvest i Skottland, er fisken nesten borte på grunn av lakselus frå lakseoppdrettsanlegga i området.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Loch Morar» frå , den 31. august 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Gazetteer for Scotland Morar, Loch Kart over Loch Morar

Morar Kategori:Innsjøar med kryptidmytar