Steinar Skjeseth () var ein norsk geolog.
Skjeseth vart statsgeolog i Noregs geologiske undersøkingar i 1950, og frå 1963 vart han professor ved Noregs landbrukshøgskule. I 1980 vart han tilknytt Institutt for georessurs- og forurensningsforskning (seinare Jordforsk).
Han oppretta det første vassboringsregisteret i landet og skreiv mange populær artiklar og bøker om geologien og grunnvasstilhøva i landet. Norge blir til var ei bok som kom ut i store opplag. Han var òg ein populær foredragshaldar og i 1989 fekk han Landbruksdepartementets populærvitskapleg pris og i 1990 Kongens fortenestmedalje i gull for informasjonsarbeidet sitt innan geologien.
Kjelder
Kategori:Norske geologiprofessorar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Professorar ved Noregs landbrukshøgskule