Svein Harberg () er ein norsk politikar frå Høgre. Han var ordførar i Grimstad kommune i perioden 2003 til 2007, gjennom eit valteknisk samarbeid mellom Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet. Han ønskte ikkje attval i 2007, men sa seg villig til å vere med i fylkespolitikken.

Harberg vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder fylke i 2009, og var medlem i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité. I Stortingsvalet 2017 var han Høgre sin førstekandidat i Aust-Agder.

Før han vart ordførar, dreiv Harberg eit konsulentfirma.

Stortingskomitear 2009–2013 - medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Harbergs konsulentfirmas heimeside Før valet 2007 i Grimstad på NRK Sørlandet

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Høgreordførarar i Aust-Agder Kategori:Ordførarar i Grimstad Kategori:Folk frå Bergen