Mattia Cassani () er ein italiensk fotballspelar som har spela i forsvar for Palermo i Serie A. Han har òg kampar for det italienske landslaget.

Cassani fekk gjennombrotet sitt som profesjonell fotballspelar i Verona, som han spelte for i Serie B frå 2003 til 2006. I 2006 gjekk han til Palermo i Serie A, der han spelte fast på laget frå den første sesongen.

Han debuterte for Italia sitt A-landslag 18. november 2009 i ein privatlandskamp mot Sverige. Han kom ikkje med i Italia sin tropp til fotball-VM i 2010. 3. september 2010 spelte han den første landskampen sin i ein teljande landskamp, i ein EM-kvalifiseringskamp mot Estland.

Kategori:Italienske fotballspelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Sampdoria-spelarar Kategori:Verona-spelarar Kategori:Palermo-spelarar